Are Helseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Are Helseth
none
Fødd 11. januar 1955

Oslo

Are Helseth (fødd 11. januar 1955 i Oslo) er ein norsk lege og politikar frå Arbeidarpartiet. Han var 1. vararepresentant til Stortinget frå Akershus fylke frå 2009 til 2017. Han møtte fast for Anniken Huitfeldt i den tida ho var statsråd.[1]

Helseth er utdanna lege, og har hatt ei rekkje leiar- og forskingsstillingar i norsk helsevesen. I det sivile livet er han dagleg leiar ved Fürst Medisinske Laboratorium.

Han har vore kirurg og sjefslege ved sjukehuset i Asker og Bærum, jobba for Kreftforeningen og har også vore stipendiat ved University of North Carolina og helse- og sosialdirektør i Akershus fylke. Helseth har bakgrunn som viseadministrerande direktør i Helse Øst, og leidde arbeidet med Nasjonal helseplan 2007–2010 som prosjektdirektør i Helse- og omsorgsdepartementet i 2006.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1989A population-based survey of neoplasms of the central nervous system in Norway, Bergen 1989
  • 1996Kirurgi i allmennpraksis, med Frode Samdal
  • 2000Kirurgi i Allmänpraktik, med Frode Samdal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Are Helseth. Stortinget.no.