Henning Skumsvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henning Skumsvoll

Fødd15. mars 1947 (77 år)
Farsund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedHeriot-Watt University
Alle verv

Henning Skumsvoll (fødd 15. mars 1947 i Farsund) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet som var stortingsrepresentant frå 2009 ti 2013.[1]

Skumsvoll vart vald inn på Stortinget frå Vest-Agder fylke i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009. I februar 2004 vart han vald til politisk nestleiar i Vest-Agder FrP. I lokalpolitikken har han ei fartstid på tre periodar som kommunestyremedlem i Farsund. I 2003 vart han varaordførar i heimkommunen.

Skumsvoll er utdanna sivilingeniør og bedriftsøkonom frå Heriot Watt University i Skottland.[1] Av yrke har han vore prosjektsjef og teknisk sjef ved Elkem Aluminium på Lista, bistandattache i Tanzania, teknisk sjef i Kvinesdal og Farsund kommune, og konsulent.[1]

Politisk har han særleg markert seg som talsmann for betre og meir stabile rammevilkår for næringslivet, meir pengar til veg, mindre offentleg byråkrati, og meir satsing på utdanning og forsking. Han er også oppteken av å sikre norsk kraftforedlande industri nok kraft til konkurransedyktig pris.

Stortingets presidentskap[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Skumsvoll, Henning (1947-)». Stortinget.no. Henta 3. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]