Tord André Lien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tord André Lien
none  Tord André LienFoto: FrPMedia
Tord André Lien
Foto: FrPMedia
Fødd 10. september 1975 (41 år)
Øksnes
Parti Framstegspartiet
1. verv Norsk olje- og energiminister
 - periode 16. oktober 2013–20. desember 2016
 - regjering Solberg
 - føregjengar Ola Borten Moe
 - etterfylgjar Terje Søviknes
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1. oktober 2005–30. september 2013

Tord André Lien (fødd 10. september 1975 i Øksnes, Nordland) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han hadde fast plass på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke frå 2005 til 2013.

Lien var olje- og energiminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 20. desember 2016.

Lien har studert historie og statsvitskap og er cand.philol. frå NTNU 2003. Han leidde eit team som dreiv med møtebooking via telefon i Norsk Privatøkonomi frå 2003. Han var medlem av Trondheim bystyre 2003–2005, leiar av Trondheim FpU 1997–1999 og Trondheim FrP 1999–2003 og 2008-2009. Frå 2003 til 2005 leidde han Sør-Trøndelag volleyballkrets. Han har også vore volleyballtrenar.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]