Steinar Gullvåg
Steinar Gullvåg | |
| |
Fødd | 27. oktober 1946 (76 år) Trondheim |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, redaktør |
Steinar Gullvåg (fødd 27. oktober 1946 i Trondheim) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009.
Gullvåg tok Ringve gymnas i åra 1960–1965, og var deretter journalistlærling i Arbeider-avisa i åra 1967–1969. Han har tidlegare arbeidd som journalist i Vestfold Arbeiderblad og politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet og i Kommunal- og arbeidsdepartementet. Han har også vore informasjonsdirektør i Vegdirektoratet.
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2005–09: medlem i næringskomiteen
- 2009–: medlem i arbeids- og sosialkomiteen og valkomiteen
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Arbeiderbevegelsens valghåndbok (red.), Tiden, Oslo 1983
- Arbeiderbevegelsens valghåndbok (red.), Tiden, Oslo 1985
- Tekster fra Løvebakken, Tiden, Oslo 1985