Per Rune Henriksen
| Per Rune Henriksen | |||
| Per Rune Henriksen Foto: Jarle Vines | |||
| Fødd | 14. mars 1960 (66 år) Bergen | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, fagforeiningsleiar, kommunikasjonsarbeidar | ||
| Medlem | Europabevegelsen i Noreg | ||
| Alle verv |
| ||
Per Rune Henriksen (fødd 14. mars 1960 i Bergen) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Hordaland i 2005 og vald på nytt i 2009 og 2013.
Henriksen tok U. Pihls gymnas, naturfaglinje 1976-1977, Bergen yrkesskole, tømrarlinja 1977-1978 og avla svennebrev som tømrar i 1981.
Henriksen var tilsett hos byggmeister S. H. Pedersen 1978-1981, byggmeister Odd Ådnekvam A/S 1982-1985, NOREMA A/S 1985-1986, Bybygg A/S 1986-1987, Fagbygg Vest 1987-1988, Fredskorpset i Kenya for Norad 1988-1990, Bygg og Rehabilitering 1990-1991, Regionalt verneombod Fellesforbundet 1992-1997 og sekretær LO i Bergen og Omland 1997-2005.
I perioden 2000-2006 var han styreleiar i Bergen og Omegn Boligbyggelag.
3. september 2010 vart han i statsråd utnemnd til statssekretær for Terje Riis-Johansen. Han var statssekretær i Regjeringa Stoltenberg II fram til 7. mai 2013.[1]
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2005–2009 medlem i Arbeids- og sosialkomitéen.
- 2005–2009 medlem i Valkomitéen.
- 2009–2013 medlem av Energi- og miljøkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Jens Stoltenbergs andre regjering». Regjeringa.no. Henta 17. oktober 2017.