Arild Grande
Arild Grande | |
![]() | |
Fødd | 5. april 1978 (44 år) Trondheim |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, musikar |
Arild Stokkan-Grande (fødd 5. april 1978 i Trondheim) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, oppvaksen på Ytterøy i Levanger kommune. Han vart vald som vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag i 2005, og møtte fast mens Bjarne Håkon Hanssen var i regjering. Ved stortingsvalet 2009 var han 2. kandidat frå Nord-Trøndelag Arbeidarparti, og vart vald inn på eige mandat.
Han er utdanna ved institutt for musikk ved NTNU, og arbeidde som organist i Levanger 2000–2005.
Stokkan-Grande var fylkessekretær i Nord-Trøndelag AUF 1997–2000, og fylkesleiar 2000–2002. Han var medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 2003–2005. Hausten 2007 vart han nemnt opp som leiar av Mannspanelet, nedsett av Barne- og likestillingsdepartementet i samband med ei ny stortingsmelding om menn og mannsroller.
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2005–2009: Medlem i Kommunal- og forvaltingskomiteen
- 2009–2013: Medlem i Familie- og kulturkomiteen
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Arild Stokkan-Grande hjå Stortinget