Wenche Olsen
Wenche Olsen | |
![]() | |
Fødd | 30. november 1965 (57 år) Halden |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Alle verv |
|
Wenche Olsen (fødd 30. november 1965 i Halden) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget for Østfold fylke i 2009, og sit i helse- og omsorgskomiteen
Olsen har vore medlem av Halden kommunestyre sidan 1999. Ho var varaordførar i Halden frå 2007 til 2009 og var i ein periode fungerande ordførar.
Wenche Olsen har yrkesmessig i hovudsak vore knytt til sjukehuset i Halden/ i Østfold, der ho starta som reinhaldar i 1982 og vart avdelingssjef for reinhald og tekstil i 1999. Ho har vore leiar av LO i Halden. Som fagleg tillitsvalt og politikar har ho mellom anna engasjert seg for nytt sjukehus i Halden.