Irene Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irene Johansen
Irene Johansen - Arbeiderpartiet.jpg
Fødd7. januar 1961 (61 år)
Nord-Aurdal
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Irene Johansen (fødd 7. januar 1961 i Nord-Aurdal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005, og sat på tinget til 2017.[1]

Johansen har utdanning frå mellom anna Norges kommunal- og sosialhøgskole, kommunallinja 1982–1985 og mellomleiarprogrammet i staten 2001–2002. Johansen har også arbeidd som førstesekretær ved rådmannskontoret i Seljord kommune i 1985–1986. Ho var i personalavdelinga, Norges allmennvitskapelege forskingsråd i åra 1986–1994. Frå 1996 til 2003 var Johansen personalsjef i Jernbaneverket.

Johansen har vire nestleiar i den norske avdelinga for Europabevegelsen, ein organisasjon som arbeider for norsk medlemskap i EU.[2]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Irene Johansen». Store norske leksikon (på norsk). 1. november 2022. 
  2. Styret Arkivert 2016-06-23 ved Wayback Machine. Europabevegelsen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]