Sonja Mandt
Utsjånad
| Sonja Mandt | |||
| | |||
| Fødd | 29. mars 1960 (66 år) Larvik | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Høgskolen i Vestfold Sandefjord videregående skole | ||
| Alle verv |
| ||
Sonja Mandt (fødd 29. mars 1960 i Larvik i Vestfold) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Vestfold fylke ved stortingsvalet i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009. Mandt er fylkesleiar i Vestfold Arbeidarparti.
Mandt tok Sandefjord Handelsgymnasium i åra 1976–1979, 1. avd. juridicum som privatist 1988–1989 og avd. sjukepleie, Høgskolen i Vestfold 1993–1995. Ho arbeidde som produksjonsarbeidar ved Nestlé Findus A/S 1980–1987, som sjukepleiar ved sjukehuset i Vestfold og frå 1995 ved sjukehuset i Larvik.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2005–: medlem i helse- og omsorgskomiteen
- 2005–09: varamedlem i valkomiteen