Kristin Vinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristin Vinje
none  Kristin Vinje i 2013Foto: Kjetil Ree
Kristin Vinje i 2013
Foto: Kjetil Ree
Fødd 10. juni 1963

Oslo

Kristin Vinje (fødd Sørby10. juni 1963 i Oslo) er ein norsk politikar (H). Ho har vore innvald på Stortinget frå Oslo sidan 2013, etter å ha vore 2. vararepresentant 2009–2013. I åra 2009–2013 var ho finansbyråd i Oslo. På Stortinget er ho i dag medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen.

Familiebakgrunn og yrkeskarrière[endre | endre wikiteksten]

Ho voks opp på Grefsen i Oslo og i Moss, og flytta tilbake til Oslo etter fullført skulegang. Vinje har studiekompetanse frå Moss videregående skole frå 1982, hovudfag i kjemi frå Universitetet i Oslo frå 1988 og doktorgrad i kjemi frå same universitetet frå 1994.[1]

Vinje var doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Oslo og Georgia Institute of Technology 1989–1994, postdoktor ved Universitetet i Oslo 1994–1996, forskar og gruppeleiar innan materialteknologi ved SINTEF 2002–2006, avdelingsdirektør i Nærings- og handelsdepartementet 2002–2005, assisterande direktør ved Simula Research LaboratoryFornebu 2005–2007 samt direktør ved Simula School of Research and Innovation 2007–2009.

Kristin Vinje er gift med geofysikar Vetle Vinje, son av lingvisten Finn-Erik Vinje, og har fire born.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Ho meldte seg inn i Unge Høgre som gymnasiast, og blei på nytt medlem av partiet i 2005.[2] Vinje blei medlem av Oslo Høgres hovudstyre i 2007 og nestleiar i 2012. Ho var innvald i Oslo bystyre 2007–2013, og overtok som finansbyråd etter Stian Berger Røsland, som blei byrådsleiar, hausten 2009. I 2013 ble Vinje einstemmig nominert til det ein meinte var ein sikker listeplass til Stortinget framfor valet same året.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vinje, Kristin: Aluminophosphate molecular sieves as potential catalysts for utilisation of natural gas. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo (1994)
  2. Haga, Kristin Tufte (29. august 2013). «Hun drømte om å bli oljeminister». dittOslo.no. Henta 14. oktober 2013. 
  3. NTB (11. februar 2013). «Søreide på topp i Oslo Høyre». Verdens Gang. Henta 13. februar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kristin Vinje