Odd Omland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Omland
Fødd29. januar 1956 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Kvinesdal 2003–2013
EtterfylgjarSvein Arne Jerstad

Odd Omland (fødd 29. januar 1956) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var stortingsrepresentant for Vest-Agder fylke frå 2013 til 2017.[1] I stortingsperiodane 2009–2013 og 2017–2021 var han vararepresentant nr 1 for Vest-Agder.[1]

Omland var ordførar i Kvinesdal kommune frå 2003 til 2013. I kommunevalet i 2007 vart han vald på nytt med over 67 % av stemmene i det direkte ordførarvalet, i kommunen der han har vore kommunestyre-representant sidan 1980. Ved stortingsvalet 2009 var Omland andrekandidat til Arbeidarpartiet frå Vest-Agder, og han vart dermed den første vararepresentanten frå partiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]