Don't Cry Daddy
Don't Cry Daddy Singel av Elvis Presley | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | November 1969 | |
Innspelt | 15. januar 1969 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:50 | |
Selskap | RCA Records | |
Tekstforfattar | Mac Davis | |
Låtskrivar(ar) | Scott Davis | |
Elvis Presley-kronologi | ||
Suspicious Minds | Don't Cry Daddy | Kentucky Rain
|
«Don't Cry Daddy» er ein song skriven av Mac Davis og spelt inn av Elvis Presley i 1969.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Songen vart skriven av Scott Davis (òg kjend som Mac Davis) og spelt inn av Elvis Presley den 15. og 21. januar 1969. Songen vart gjeven ut på singel. Rytmesporet vart spelt inn 15. januar og vokalen til Elvis lagt på den 21. januar. Somme spekulerer i om songen vart laga som ei trøyst til faren til Elvis som vart enkemann då kona døydde i 1958. Songen nådde sjetteplassen på den amerikanske singellista[1] og åttandeplassen i Storbritannia.
Det vart teke konsertopptak av songen i andre sesongen i Las Vegas i februar 1970, og fleire av desse er gjevne ut. Middagskonserten den 13. august 1970 ved International Hotel spelte han inn ein versjon som glir rett inn i «In the Ghetto»[1].
Duett
[endre | endre wikiteksten]I 1997 laga Lisa Marie Presley ein video av «Don't Cry Daddy», der ho syng songen som ein duett med faren. Videoen vart presentert 16. august 1997, på ein konsert som markerte at det var 20 år sidan Elvis døydde. Videoen nyttar originalvokalen til Elvis, med nyinnspelt akkomapgnement og vokalen til Lisa Marie. Innspelinga var ikkje for kommersielt bruk. Songen skapte fornya interesse i Lisa Marie som plateartist, og synte ein slørete klang i røysta hennar.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Don't Cry Daddy» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002]
- ↑ «Elvis Presley Song 'Don't Cry, Daddy' (1969) — fan comments, trivia, on which CD to buy it». Elvistribute.us. Arkivert frå originalen 14. april 2012. Henta 30. desember 2016.