Anja Abusland
Utsjånad
| Anja Abusland | |||
| | |||
| Fødd | 25. november 1995 (30 år) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Senterpartiet | ||
| Yrke | politikar, sjukepleiar | ||
| Alle verv |
| ||
Anja Ninasdotter Abusland (fødd 25. november 1995) er ein norsk sjukepleiar og politikar frå Finsland i Vest-Agder. Ho vart stortingsrepresentant for Vest-Agder og Senterpartiet i 2021.
Abusland var kommunestyrerepresentant i Songdalen i åra mellom 2015 og 2019. Etter at kommunen vart innlemma i Kristiansand, vart ho i 2019 vald inn i Kristiansand bystyre der ho vart leiar for helseutvalet. Ved stortingsvalet 2021 var ho Senterpartiet sin fyrstekandidat i Vest-Agder og tok sisteplassen på Vest-Agder-benken. På Tinget er ho medlem i Arbeids- og sosialkomiteen.