Åse Kristin Bakke
Utsjånad
| Åse Kristin Bakke | |||
| Fødd | 30. mai 1996 (30 år) Ålesund kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, sjukepleiar | ||
| Alle verv |
| ||
Åse Kristin Ask Bakke (fødd 30. mai 1996) er ein norsk politikar frå Harøya i Møre og Romsdal.[1][2] Ho er sidan 2021 stortingsrepesentant for Arbeidarpartiet og Møre og Romsdal. Då ho kom inn på tinget var ho 25 år, og var dermed den yngste representanten med fast plass i perioden 2021–2025.[3]
Bakke er utdanna sjukepleiar og arbeidde i heimesjukepleia i Ålesund.[4][5]
Bakke var varaordførar i dåverande Sandøy kommune frå 2015. 19 år gammal vart ho dermed Noregs yngste varaordførar gjennom tidene.[6] På Stortinget har ho sete i Familie- og kulturkomitéen.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lotsberg, Eirik Dyrøy (2021-09-14), «Åse vert den yngste på Stortinget», Framtida, henta 2023-10-16
- 1 2 «Biografi: Bakke, Åse Kristin Ask», Stortinget (på norsk), 2021-11-09, henta 2023-10-16
- ↑ Lotsberg, Eirik Dyrøy (2021-09-14). «Åse vert den yngste på Stortinget». Framtida. Henta 2021-09-14.
- ↑ AS, TV 2 (2021-10-01). «Åse Kristin (25) blir yngst på Stortinget - har én stor kampsak». TV 2 (på norsk). Henta 2021-10-01.
{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link) - ↑ «ÅSE KRISTIN ASK BAKKE». Arbeiderpartiet (på norsk bokmål). Henta 2021-10-01.
- ↑ Gjendem, Agnar (2015-09-18), «(+) Landets yngste varaordfører?», rbnett.no (på norsk), henta 2023-10-16