Terje Sørvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Sørvik

Fødd4. juni 1967 (56 år)
Ottersøy
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, sveisar, funksjonær
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013)
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017)
  • stortingsrepresentant (2021–) Sjå dette på Wikidata

Terje Sørvik (fødd 4. juni 1967) er ein norsk verftsarbeidar og politikar frå Ottersøya, busett i Rørvik. Han er sidan 2021 stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag for Arbeidarpartiet.

Sørvik arbeidde i 24 år med skipsbygging, mellom anna som sveisar. I 13 år var han personsjef ved Moen Slip på Kolvereid. Frå 2009 til 2011 var han sysselsett med å etablere ei avdeling på Kolvereid for bedrifta Ytre Namdal Vekst.

Sørvik var medlem i Vikna kommunestyre periodane 2007–2011 og 2015–2019. Han hadde plass i Nord-Trøndelag fylkesting frå 2007 til fylka Nord- og Sør-Trøndelag i 2018 vart slått saman. I åra 2011 var han fylkesråd for regional utvikling, frå 2013 var han også nestleiar i fylkesrådet. Etter fylkessamanslåinga var han medlem av Trøndelag fylkesting og leiar i hovedutvalet for næring. Ved stortingsvalet 2021 var han Arbeidarpartiet sin andrekandidat i Nord-Trøndelag, kom inn i Stortinget med god margin. På Tinget er han medlem i Kommunal og forvaltningskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Terje Sørvik