Tor André Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tor André Johnsen
Fødd25. november 1968 (53 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
EktefelleSvetlana K. Johnsen

Tor André Johnsen (fødd 25. november 1968) er ein norsk politikar for Frp frå Ringsaker som har representert HedmarkStortinget sidan 2013. Dei tre førre stortingsperiodane før han vart vald inn var han ein av vararepresentantane til tinget.[1]

Johnsen sat i Hedmark fylkesting frå 1999 til 2013 og var gruppeleiar frå 2011.[2] Han har sete i kommunestyret i både Ringsaker, Hamar og Stange.[3]

Han var medlem i Arbeids- og sosialkomitéen frå 2013 til 2015.

Johnsen ser på seg som plaga av el-overfølsemd og han er medlem i Foreningen for el-overfølsomme.[4]

Johnsen vart i 2015 tilrådd av Politiets tryggingsteneste til å kutta kontakten med russiske diplomatar som PST såg på som russiske etterretningsagentar. Johnsen uttalte at han ikkje hadde til hensikt å følgja oppmodinga frå PST.[5]

Etter stortingsvalet i 2017 fekk Johnsen refs av dåverande statsminister Erna Solberg for å ha delt ein artikkel frå den innvandringsfiendtlege nettstaden 24avisen.com, der ein 17-årig mørkhuda AUF-er vart hetsa.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]