Kathrine Kleveland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kathrine Kleveland

Fødd7. april 1966 (57 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Kathrine Kleveland (fødd 7. april 1966) er ein norsk politikar for Senterpartiet. Ho er leiar i Nei til EU frå 2014.[1] I Stortingsvalet 2017 var ho førstekandidat for Senterpartiet i Vestfold.

Kleveland har vore leiar for Norges Bygdekvinnelag i seks år. Ho har vore styreleiar for i Stiftelsen Skolematens venner og vore engasjert i å utvikle eit nettverk for GMO-fri mat.[2] Innan eige politiske parti har ho vore leiar i Vestfold Senterparti og sentralstyremedlem. I 2013 var ho listetopp for Senterpartiet i Vestfold.

Kleveland har bakgrunn som grafisk designar. Ho er bonde på garden Bergan i Holmestrand, som ho driv med mann og barn.[3]

Frå 2021 er ho vald inn frå Vestfold og Senterpartiet til Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kathrine Kleveland ny leder i Nei til EU». E24. 30. november 2014. Henta 2. mars 2019. 
  2. «Kathrine Kleveland foreslått som ny leder i Nei til EU». ABC Nyheter. 1. oktober 2014. Henta 2. mars 2019. 
  3. «Kathrine Kleveland ny leder i Nei til EU». Tønsbergs Blad. 1. desember 2014. Henta 2. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]