Mímir Kristjánsson
| Mímir Kristjánsson | |||
| | |||
| Fødd | 17. august 1986 (40 år) Oslo | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Raudt | ||
| Yrke | politikar, journalist, forfattar, podkastvert | ||
| Sambuar | Sofie Marhaug | ||
| Alle verv |
| ||
Kristján Mímir Kristjánsson (fødd 17. august 1986) er ein norsk politikar, journalist og forfattar frå Stavanger.[1] Sidan 2021 har han vore stortingsrepresentant frå Rogaland for Raudt.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Kristjánsson vaks opp i Stavanger med islandsk far og norsk mor. Han fullførte vidaregåande skule ved Stavanger katedralskole.[2] Han flytta til Oslo for å starte studiar i samfunnsøkonomi, men studiane blei avbrotne.[3]
Politisk verksemd
[endre | endre wikiteksten]I perioden 2004–2006 var Kristjánsson medlem av sentralstyret i Raud Ungdom. Kristjánsson var saman med Magnus Marsdal og Åsmund Sunde Valseth òg sentral i utviklinga av Raud Ungdom sin strategi og i utviklinga av det ideologiske grunnlaget fram mot landsmøtet i 2006.
Kristjánsson var leiar i Raud Ungdom 2006–2008[4] og var medlem av arbeidsutvalet i Raudt i perioden 2008–2010. Han har òg arbeidd som journalist i Klassekampen og har vore redaktør for Manifest Tidsskrift.[5]
Før Kristjánsson blei medlem av Raud Ungdom, var han mellom anna leiar for AUF-laget i Stavanger.[6]
Frå hausten 2019 er Kristjánsson medlem av bystyret i Stavanger, der han er leiar for utvalet for arbeidsliv og løn.[5]
Kristjánsson har markert seg med hyppig aksjonsverksemd. Saman med Torstein Tvedt Solberg starta han Folkeaksjonen mot krig.[7] Han har òg sete i leiinga i Attac (2004–2005)[8] og i arbeidsutvalet til Globaliseringskonferansen.
Han fekk betydeleg merksemd i media då han forstyrra landsmøtet til Kristeleg Folkeparti i 2004, i det Raud Ungdom kalla ein «aksjon mot homofobi».[2] Før og etter demonstrasjonen mot NATO-toppmøtet som fann stad i Oslo i april 2007, kom han i konflikt med mellom andre Blitz.[9]
I 2020 blei han utnemnd som medlem av regjeringa sin ytringsfridomskommisjon.[10]
Kristjánsson har arbeidd i Norsk faglitterær forfattarforeining med formidling av sakprosa til skuleverket.[11]
Journalistikk og forfattarskap
[endre | endre wikiteksten]Som journalist jobba Kristjánsson særleg som politisk journalist. I ein artikkelserie i 2018 reiste han den same togreisa som Lenin gjorde i 1917, og skreiv historiske reiseskildringar frå Austerrike, Tyskland, Sverige, Finland og Russland.
Kristjánsson har gjeve ut ni bøker, mellom anna på forlaga Kagge og Manifest.
- 2011: De superrike[12][13]
- 2013: Slik blir du superrik
- 2016: Frihet, likhet, Island
- 2018: Hva ville Gerhardsen ha gjort
- 2018: I Lenins togspor
- 2019: Rosa Luxemburg - en biografi
- 2019: Mamma er trygda[14]
- 2020: Martin Tranmæls metode
- 2021: Jon Michelet: En folkets helt
- 2024: Hjelp, de drar til Sveits! – Milliardærenes makt over Norge, med Sofie Marhaug[15]
- 2024: Pabbi – En familiesaga om drukkenskap[16][17]
- 2025: Make Norge greit igjen : Et manifest for å gjenreise Annerledeslandet[18]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Mímir Kristjánsson var sambuar med Mathilde Holdhus, som han har to barn med. I 2022 bekrefta han at dei hadde skilt lag året før.[19]
Kristjánsson er sambuar med stortingsrepresentant for Raudt frå Hordaland, Sofie Marhaug.[20][21][22]
I eit intervju med Thomas Seltzer på programmet Trygdekontoret i 2016 sa Kristjánsson at han hadde eit vanskeleg forhold til alkohol,[23] og han har stadfesta det fleire intervju i ettertid.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ - Hallgeir Opedal: Mimir Kristjánsson - Portrettintervju i Aftenposten/Lørdag 22. mai 2021
- 1 2 Ballettdansende rebell Arkivert 24. januar 2005 på Wayback Machine. «Mimir Kristjansson fra Rød Ungdom i Stavanger både overrasket og irriterte da han tok seg opp på talerstolen på KrF sitt landsmøte i Bergen sist helg i en aksjon mot homofobi.»
- ↑ Lurås, Helge (2024-08-12), «Rødt-profil mener unge «loker rundt»: – De må skjerpe seg», inyheter.no - Nyheter og aktuelt - Innenriks og Utenriks. (på norsk bokmål), henta 2025-11-24
- ↑ Sosialisme.no: Nyvalgt leder Mimir Kristjansson
- 1 2 «Kristjansson, Mimir | Stavanger kommune». www.stavanger.kommune.no (på norsk). Arkivert frå originalen 2020-09-29. Henta 2020-01-19.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ Revolusjonens røst har siddisdialekt Arkivert 15. juli 2007 på Wayback Machine. «Tidligere leder av Stavanger AUF. Nå leder av Rød Ungdom på heltid.»
- ↑ Bie, Elisabeth (12. februar 2013). «Sin egen sure kommunistfetter». Aftenbladet. Arkivert frå originalen 2016-08-22. Henta 2016-08-13.
{{cite news}}: Invalid|url-status=død(hjelp) - ↑ Attac.no: Aksjonisme og frukt Arkivert 14. juni 2007 på Wayback Machine. «Mimir Kristjansson er medlem av Attac Rogaland og styremedlem i Attac Norge.»
- ↑ Karin Haugen (2007-05-04). «Fra brostein til bamser». Klassekampen. Henta 2008-04-22. «Blitz har blitt gjenstand for debatt etter Nato-demonstrasjonen i forrige uke der det kom til konfrontasjoner mellom demonstranter og politi. Rød Ungdom-leder Mimir Kristjansson hevdet i forkant av demonstrasjonen at medlemmer av Blitz planla bråk.»[daud lenkje]
- ↑ Kulturdepartementet (2020-02-14). «Presentasjon av medlemmene i Ytringsfrihetskommisjonen». Regjeringen.no (på norsk). Henta 2020-02-14.
- ↑ Artikkel i NFF-bulletin[daud lenkje], se side 3
- ↑ Fra vaskeseddel for boka Arkivert 4. mars 2016 på Wayback Machine. hos Forlaget Manifest; besøkt 11. oktober 2011.
- ↑ Linn-Birgit Kampen Kristensen (11.10.2011). «Mimir (25) fillerister de rike». Dagens Næringsliv. Henta 11.10.2011.
{{cite news}}: Check date values in:|besøksdato=og|utgivelsesdato=(hjelp) - ↑ Jon Rognlien (2019-08-23). «Trygdebeistets hevn». Dagbladet. Henta 2019-08-23.
- ↑ Jon Rognlien (2024-04-04). «Befriende tilgjengelig!». Dagbladet. Henta 2025-11-23.
- ↑ Hjeltnes, Guri (2025-08-15). «En drukkenbolts saga. Bokanmeldelse: Mímir Kristjánsson: «Pabbi»». VG (på norsk bokmål). Henta 2025-11-23.
- ↑ Loe, Erlend (2025-08-15). «Tynn i sjelen». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 2025-11-23.
- ↑ Meyer, Jonas Hansen (2025-07-29). ««Skuffende tamt»». NRK (på norsk bokmål). Henta 2025-07-29.
- ↑ «Bekrefter brudd». Se og Hør. 5- mars 2022. Henta 15. august 2022.
{{cite web}}: Check date values in:|date=(hjelp) - ↑ Suvatne, Steinar Solås (2022-08-15). «Fant lykken på Løvebakken». Dagbladet (på norsk bokmål). Henta 2025-11-23.
- ↑ Heldahl, Henrik (2023-10-23). «Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug blir samboere». Nettavisen (på norsk bokmål). Henta 2025-11-23.
- ↑ NTB (2024-08-07), «Mímir Kristjánsson vil ha fire nye år på Stortinget», Sandnesposten (på norsk), henta 2025-11-24
- ↑ «En hyllest til fylla» i Trygdekontoret på NRK.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Aksjon mot homofobi Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- Portrettintervju på nrk.no
- De superrike Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.