Erlend Svardal Bøe
Utsjånad
| Erlend Svardal Bøe | |||
| | |||
| Fødd | 30. desember 1992 (33 år) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Erlend Svardal Bøe (fødd 30. desember 1992) er ein politikar frå Florø som sidan 2021 har representert valkrinsen Troms og partiet Høgre på Stortinget.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha fullført vidaregåande skule i heimbyen, flytta Bøe nordover i landet og studerte statsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Frå februar 2015 til januar 2017 var han generalsekretær i Unge Høgre. Hausten 2015 fekk Bøe plass i Tromsø bystyre og vart då vald til leiar av Høgre si gruppe i bystyret. I 2019 gjorde Høgre eit heller svakt kommuneval, Bøe tok deretter på seg å halde fram som gruppeleiar.
Ved stortingsvalet 2021 var Bøe Troms Høgre sin fyrstekandidat. Han fekk då fylket sitt fjerdemandat og tok sete på Stortinget. På Stortinget er han medlem i Helse og omsorgskomiteen.