Ivar Giæver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Ivar Giæver
Ivar Giæver.jpg
Fødd 5. april 1929
Bergen
Ivar Giæver på Commons

Ivar Giæver eller Giaever (fødd 5. april 1929) er ein norsk-amerikansk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1973.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Giæver var fødd i Bergen men voks opp på Toten, der faren var apotekar. Etter å ha jobba eitt år ved Raufoss ammunisjonsfabrikkar studerte Giæver ved NTH, der han blei ferdig sivilingeniør i 1952. Dette året gifta han seg òg med Inger Skramstad.

To år etter at utdanninga var avslutta utvandra ekteparet til Canada, der Ivar Giæver blei tilsett i selskapet General Electric. Frå 1958 var han tilknytta forskingsdelen av selskapet.

Han studerte fysikk vidare ved Rensselaer Polytechnical Institute i staten New York. I 1964 blei han både dr.philos. og amerikansk statsborgar. Giæver forlet General Electric i 1988 og blei professor ved Rensselaer. Han er òg utnemnd til professor ved Universitetet i Oslo, der han er gjesteførelesar kvar sommar.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

I tida mellom 1958 og 1969 fokuserte Giæver på elektron-tunnelering gjennom tynne isolerande filmar mellom metall som fungerte normalt og som superleiarar. Det var banebrytande arbeid innan dette felte som gav han Nobelprisen i fysikk i 1973, saman med Leo Esaki.

I 1969 studerte Giæver biofysikk i Cambridge og har sidan jobba mykje med dette området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]