Gunvald Ludvigsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunvald Ludvigsen
none  Gunvald LudvigsenFoto: Audun Halaas / Venstre
Gunvald Ludvigsen
Foto: Audun Halaas / Venstre
Fødd 15. februar 1949
Parti Venstre
1. verv Ordførar i Eid
 - periode 2003–2005
 - føregjengar Kristen Hundeide
 - etterfylgjar Sonja Edvardsen
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 2005–2009
 - valkrins Sogn og Fjordane
Wikimedia Commons: Gunvald Ludvigsen

Gunvald Ludvigsen (fødd 15. februar 1949) i Leirfjord, Nordland) er ein norsk sosialøkonom og politikar (Venstre).

Ludvigsen kjem frå Nordland, men har budd på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane sidan 1983. Han har utdanning i sosialøkonomi frå Universitetet i Oslo frå 1977. Frå 1983 til 1990 var han rådmann i Eid kommune. I 1991 melde han seg inn i Venstre, og sat i kommunestyret i Eid frå 1991 til 1995 og frå 1999. Frå 1993 til 2003 var han direktør ved Nordfjord sjukehus.

Etter kommunevalet i 2003 vart han ordførar i Eid.[1] Ved stortingsvalet i 2005 vart han vald inn på Stortingetutjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane. Han sat i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]