Jon Jæger Gåsvatn
Jon Jæger Gåsvatn | |||
| |||
Fødd | 19. juni 1954 (70 år) Drøbak | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Jon Jæger Gåsvatn (fødd 19. juni 1954 i Frogn, Akershus) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005 og vald på nytt i 2009. I perioden 1993–97 var han varerepresentant.
Gåsvatn er fødd i Frogn og flytta til Østfold i 1965. Han har budd både i Fredrikstad og Sarpsborg, men er no busett i Brevik i Sarpsborg. Han har tidlegare vore ein aktiv musikar og har mellom anna spelt trombone i danseorkesteret Rainbow, som er mest kjent for låten «Bye Bye Baby Goodbye». Gåsvatn var tidleg aktiv i fagorganisasjonar i musikkmiljøet i Østfold.
Han er utdanna bioingeniør, og har arbeidd ved sjukehuset i Østfold sidan 1976. Han gjekk i 2001 over til å bli verksemdsleiar på Tingvoll sjukeheim i Sarpsborg.
Gåsvatn har vore medlem av kommunestyret i Sarpsborg og av Østfold fylkesting. Han har hatt ei rekkje verv i Framstegspartiet.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2005–09: medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- 2009–: medlem av helse- og omsorgskomiteen