Pattedyr i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fleire helleristningar, som desse frå Nordre Land, syner kva for ei tyding ville dyr har hatt for menneska i Noreg.
Foto: John Erling Blad

Pattedyr i Noreg er ei oversikt over pattedyr med ville bestandar på norsk territorium, inkludert Svalbard og Jan Mayen. Menneske og husdyr er ikkje rekna med.[1]

Tabellen under er inndelt i ordenar, familiar og artar.[1][2]

Innleiing[endre | endre wikiteksten]

Innvandringa til pattedyra skjedde for alle nålevande pattedyr sitt vedkomande etter siste istid, den faunaen som levde her mellom tidlegare istider hadde anten vandra sørover eller døydd ut. Nokre av dagens pattedyr er innførde til landet. Dei fleste artene har ein sirkumpolar utbreiing i samband med Nordishavet, og er tilpassa eit arktisk klima. Lemen er einaste art som ser ut til å ha si hovudutbreiing i Noreg.

Dei tidlegaste innvandrarane var kvalar og selar, tett følgt av reinsdyr, raudrev, fjellrev og menneske. Typiske skogsartar som elg, brunbjørn og mange gnagar- og flaggermusarter har først kunna etablere seg etter at landa var vorte skogkledd. Den norske pattedyrfaunaen er relativt artsfattig, men det blir forventa at fleire nye europeiske arter vil klare å etablere seg der i framtida. Villsvin vart utrydda i bronsealderen, nordkaper og svartrotte i historisk tid. Villsvin har vandra inn att frå Sverige, medan moskusfe, som var utbreidd i landet i førre mellomistid, har vorte introdusert på nytt.

Pattedyr sine leveområde. Pattedyra lever i alle slag biotopar i Noreg; frå bybakgardane til breen og skoggrensa til det karrige skjeret. Husmus og brunrotte er fullt knytt til menneske. Òg raudrev og grevling er vanleg i byar. Fleire arter trivst best i landbrukets kulturlandskap, som til dømes vånd, rådyr, raudrev, grevling og piggsvin. Mange av dei større pattedyra, som elg, hjort, brunbjørn, ulv, gaupe, mår og bever, har si hovudutbreiing i barskog og blandingsskog, noko som er med på å underbygge den utbreidde førestillinga om at «ville dyr lever i skogen». Rein, lemen, jerv og røyskatt er dyr som har sin hovudutbreiing på fjellet, det vil seie over tregrensa, eller i vierbandet opp mot tregrensa. Oteren er eit kystdyr som både trivst i havet og langs strandkanten. Nokre av dei sjølevande pattedyra har sin hovudutbreiing ut mot det opne havet (som havert), medan nise og steinkobbe er kystnære. Vågekvalhoene kan trekkje inn i fjordane, men dei fleste kvalane lever langt ute frå kysten.

Vernestatus. Artar som er truga av utrydding i Noreg er registrert på norsk raudliste 2006, med ein ei gradert vurdering som går frå «omsynskrevjande»/«nær truga» til «kritisk truga». Òg artar kor bestandstalet er ukjend kan bli lista opp på raudlista. Nye arter som ikkje er ynskt i norsk fauna blir lista på norsk svarteliste, og slike pattedyr (villsvin, mink og mårhund) vil det normalt vere tillate å jakte på heile året. Dyra er svartelista fordi ein fryktar at brei introduksjon av arta kan ha uønskte økologiske konsekvensar.

Piggsvindyr (Erinaceomorpha)[endre | endre wikiteksten]

Piggsvinfamilien
(Erinaceidae)
Utbreiing Biotopar Bestand [3] Jakt [4]
Piggsvin
Erinaceus europaeus
Sør- og Midt-Noreg opp til Nordland Skog og kulturlandskap Livskraftig bestand, men i tilbakegang sidan 1970-talet Uaktuelt

Spissmusdyr (Soricomorpha)[endre | endre wikiteksten]

Spissmusfamilien
(Soricidae)
Utbreiing Biotopar Bestand Jakt
Vasspissmus
Neomys fodiens
Heile landet bortsett frå Finnmarkskysten Bekkefar og vassdrag Talrik, men internasjonalt er bestanden anteke minskande Uaktuelt
Krattspissmus
Sorex araneus
Heile landet Frå kyst til høgfjell Talrik Uaktuelt
Lappspissmus
Sorex caecutiens
Berre registrert i Finnmark Fjell og fjellskog Usikker, truleg talrik Uaktuelt
Taigaspissmus
Sorex isdodon
Berre registrert i Nordland og Hedmark Usikker, truleg skog og fjellskog Raudlista grunna manglande data Uaktuelt
Knøttspissmus
S. minutissimus
Kjent frå Aust- og Midt-Noreg og dessutan Nordland, men utbreiinga er truleg langt større Skog opp til bjørkebeltet Bestanden anteke livskraftig, men kunnskapen er mangefull [5] Uaktuelt
Dvergspissmus
Sorex minutus
Spreitt over heile landet, ikkje registrert i Lofoten Frå kyst til fjell Usikker, truleg talrik Uaktuelt

Flaggermus (Chiroptera)[endre | endre wikiteksten]

Glattnasefamilien
(Vespertilionidae)
Utbreiing Biotopar Bestand Jakt
Nordflaggermus
Eptesicus nilssonii
Heile landet bortsedd frå Finnmarksvidda Opne område, gjerne òg buområde Talrik i Sør-Noreg Uaktuelt
Storflaggermus
Nyctalus noctula
Rundt Oslofjorden og dessutan på Finnøy i Rogaland Gammal lauvskog Raudlista grunna manglande data, truleg sjeldan [6] Uaktuelt
Trollflaggermus
Pipistrellus nathusii
Vestlandet, finst moglegvis òg sør og aust i landet Ukjent Raudlista grunna manglande data. [7] Uaktuelt
Tusseflaggermus
Pipistrellus pipistrellus [8]
Stavanger Lauvskog og kulturlandskap Nyoppdaga i 2007. Uaktuelt
Dvergflaggermus
Pipistrellus pygmaeus [9]
Sør-Noreg nord til Møre og Romsdal Lauvskog og kulturlandskap Vanleg, men kan vere omsynskrevjande grunna store enkeltkoloniar. Uaktuelt
Breiøyre
Barbastella barbastellus
Akershus og Vestfold Knytt til gammal lauvskog Sjeldan i heile leveområdet. Rekna som utdøydd i Noreg fram til han vart registrert i 2008.[10] Uaktuelt
Brunlangøyre
Plecotus auritus
Låglandet i heile Sør-Noreg nord til Trondheim Skog Talrik Uaktuelt
Skimmelflaggermus
Vespertilio murinus
Sør-Noreg nord til Møre og Romsdal Svært varierande Omsynskrevjande Uaktuelt
Skogflaggermus
Myotis brandtii
Sør-Noreg nord til Verdal Barskog Omsynskrevjande Uaktuelt
Vassflaggermus
Myotis daubentonii
Sør-Noreg nord til Møre og Romsdal, nord i Hedmark [11] Lågtliggjande strøk. Jakter ofte over elver og vatn[11] Talrik [12] Uaktuelt
Skjeggflaggermus
Myotis mystacinus
Sør-Noreg opp til Trøndelag Låglandet[13] Ukjent, arten er vanskeleg å skilje frå andre [14] Uaktuelt
Børsteflaggermus
Myotis nattereri
Oslo Ukjent [15] Berre éit stadfest funn i Noreg (Oslo, 1961)[15] Uaktuelt

Haredyr (Lagomorpha)[endre | endre wikiteksten]

Harefamilien (Leporidae) Utbreiing Biotopar Bestand Jakt
Sørhare
Lepus europaeus
Østfold (særleg Halden) og Akershus, som streifdyr frå Sverige I Noreg mest knytte til kulturlandskap Sjeldan Jaktbar september–februar
Hare
Lepus timidus
Vanleg i heile landet Dei fleste biotopane frå fjøra til over tregrensa Talrik Jaktbar september–februar 25 000 dyr årleg [16]
Kanin
Oryctolagus cuniculus
Nokre rømde dyr, mest rundt Oslo. Villkanin utsett på Fedje og Edøy [17] I Noreg knytte til kulturlandskap Sjeldan Uaktuelt

Gnagarar (Rodentia)[endre | endre wikiteksten]

Ekornfamilien
(Sciuridae)
Utbreiing Biotopar Bestand Jakt
Ekorn
Sciurus vulgaris
Heile landet Barskog Vanleg. Sårbar internasjonalt. [18] Jaktbar
Beverfamilien
(Castoridae)
Bever
Castor fiber
Sørlandet, Austlandet, Trøndelag, Helgeland Vatn og vassdrag Vanleg. Sårbar internasjonalt.[18] Jaktbar
2 300 dyr årleg.[16]
Hoppemusfamilien
(Dipodidae)
Bjørkemus
Sicista betulina
Frå Romerike i Akershus til Rana i Nordland Fuktige område med tett vegetasjon Ukjent; ingen dokumenterte truslar [19] Uaktuelt
Hamsterfamilien
(Cricetidae)
Vånd
Arvicola amphibius
Heile landet utanom Finnmarkskysten og tilsynelatande delar av Vestlandet Knytt til kulturlandskap, særleg jordbruk Talrik Blir felt som skadedyr
Markmus
Microtus agrestis
Heile landet Område med gras: Enger, vidder, elvebankar Talrik, moglegvis vanlegaste pattedyrarta i landet Uaktuelt
Austmarkmus
Microtus rossiaemeridionalis
Svalbard [20] Graskledde skråningar under fuglefjell Vanleg i sitt leveområde. Uaktuelt
Fjellmarkmus
Microtus oeconomus
I høgare strøk i Sør- og Nord-Noreg, manglar i Nord-Trøndelag og Nordland Vidder og fjellskog Talrik Uaktuelt
Lemen
Lemmus lemmus
Langs Langfjella Snaufjellet Vanleg. Er i «lemenår» truleg den mest talrike arta i landet
Noreg er hovudområde for utbreiinga til arta i verda [21]
Uaktuelt
Skoglemen
Myopus schisticolor
Austlandet Moserik barskog Talrik, «skoglemenår» finst, endå ikkje i same grad som hos lemen. Sårbar internasjonalt.[18] Uaktuelt
Klatremus
Clethrionomys glareolus
Sør- og Midt-Noreg nord til Rana i Nordland Skog og høgfjell Talrik Uaktuelt
Gråsidemus
Clethrionomys rufocanus
Heile landet Knytt til nordlege og høgareliggjande område Talrik, i Nord-Noreg truleg den vanlegaste musearten Uaktuelt
Raudmus
Myodes rutilus
Nord-Noreg frå Nordland og nordover Fjellskog Talrik Uaktuelt
Bisam
Ondatra zibethicus
Finnmark, Nordland og Nord-Trøndelag [22] Vassdrag På nasjonal basis er bisam sjeldan, men kan opptre i tette bestandar i utbreiingsområdet. Jaktbar august–mai
Musefamilien
(Muridae)
Storskogmus
Apodemus flavicollis
Sør-Noreg nord til Trøndelag, manglar tilsynelatande på dele av Vestlandet Skog, kulturlandskap og bebygde strøk Talrik, finst ofte som mus innomhus Felles som skadedyr
Småskogmus
Apodemus sylvaticus
Sør-Noreg nord til Trøndelag Kulturlandskap og busette strøk Talrik, truleg den vanlegaste musearten i busette strøk Blir felt som skadedyr
Dvergmus
Micromys minutus
Eit lite område ved Kongsvinger Område med høg gras- og urtevegetasjon Omsynskrevjande, registrert som ny art i Noreg i 2001 Uaktuelt
Husmus
Mus musculus/domesticus
Heile landet utanom Finnmark Knytt til menneske Talrik, men i tilbakegang pga konkurranse med skogmysene Blir felt som skadedyr
Brunrotte
Rattus norvegicus
I busette strøk, særleg i byar over heile landet [23] Kulturlandskap og byar, særleg tilknytt kloakk Talrik Blir felt som skadedyr
Svartrotte
Rattus rattus
Knytte til busette strøk Kulturlandskap og byar Utdøydd i Noreg, truleg på 17- eller 1800-talet Ikkje aktuelt

Rovpattedyr (Carnivora)[endre | endre wikiteksten]

Hundefamilien
(Canidae)
Utbreiing Biotopar Bestand Jakt
Ulv
Canis lupus
Tidlegare heile landet, i dag avgrensa til Austlandet, som ein del av ein felles norsk-svensk stamme. Streifindivid frå den russiske stammen finst. Hovudsakleg knytte til skog Raudlista: «Kritisk truga»,
færre enn 30 dyr
Freda. Dir. for naturforvaltn. utskriv lisensjakt, truleg utstrekt illegal jakt [24]
Mårhund
Nyctereutes procyonoides
Grensetraktene mot Finland og Russland Barskog Sjeldan, førebels berre streifdyr Svartelista, fri jakt året rundt
Fjellrev
Alopex lagopus
Finse, Dovre, Nord-Noreg og Svalbard Snaufjell- og tundraområdet Raudlista: «Kritisk truga» Freda, inga jakt
Raudrev
Vulpes vulpes
Over heile landet Kan leve i nær sagt alle biotopar, inkludert storbyar Vanleg [25] Jaktbar juli–april
16–21 000 dyr årleg.[16]
Bjørnefamilien
(Ursidae)
Brunbjørn
Ursus arctos
Små grupper i Finnmark, Nordland / Nord-Trøndelag og Hedmark Barskog Raudlista: «Sterkt truga»
Under 100, men del av større nordisk stamme
Freda. Lisensfelling av slagbjørn, lisensjakt i Sør-Varanger
Isbjørn
Ursus maritimus
Svalbard Arktiske strøk Raudlista: «Sårbar» Freda. Skadedyr kan fellast
Kvalrossfamilien (Odobenidae)
Kvalross
Odobenus rosmarus
Jan Mayen og Svalbard, streifdyr sør langs Finnmarkskysten Langs iskanten i polare hav Bestanden i Atlanterhavet er liten, den norske bestanden reknast som sårbar Freda
Selfamilien
(Phocidae)
Jakt [26]
Klappmyss
Cystophora cristata
Vestisen Knytt til havis Talrik Tidlegare vart ungane jakta under selfangst, men han er no freda i norske farvatn
Storkobbe
Erignathus barbatus
Hovudsakleg Barentshavet, streifdyr langs Finnmarkskysten Hav og kyst Talrik Freda i norske farvatn
Havert
Halichoerus grypus
Frå Rogaland til Finnmark, tettast i Sør-Trøndelag og på Helgeland. Koloniar på havskjer. Kan trekkje inn i fjordane om vinteren Talrik Seljakt januar–september
Grønlandssel
Phoca groenlandica
Jan Mayen og Svalbard Knytt til is i Nordishavet Talrik Seljakt januar–september
Steinkobbe
Phoca vitulina
Langs heile kysten Knytt til kyststrøk Den norske bestanden vert rekna som sårbar Seljakt januar–april og august–september
Ringsel
Phoca hispida
Hovudsakleg Jan Mayen og Svalbard, streifdyr sør til Mørekysten Arktisk hav, havis. Finst i ferskvatn (ikkje i Noreg) Talrik i sine hovudutbreiingsområde Seljakt januar–september
Mårfamilien
(Mustelidae)
Oter
Lutra lutra
Nesten utrydda i 1970-åra, finst i dag langs kysten frå Finnmark til Nord-Møre Kyst Raudlista: «Sårbar» Freda, blir skote som skadevilt i oppdrettsanlegg for fisk
Jerv
Gulo gulo
Nord-Noreg til Femunden og fjellområda Dovre, Rondane, Reinheimen og Snøhetta Knytt til snaufjell og fjellskog Raudlista: «Sterkt truga» Freda, men jakt ved hiuttak og lisensfelling.
Åtejakt og hagle er tillate [27]
Mår
Martes martes
Heile landet Skog Vanleg Jaktbar (som pelsvilt) november–mars
Grevling
Meles meles
Heile landet bortsedd frå Nordland Skog og kulturlandskap Vanleg Jaktbar august–januar
Røyskatt
Mustela erminea
Heile landet Frå kyst til høgfjell Vanleg Jaktbar (jaktast som pelsvilt) august–mars
Snømus
Mustela nivalis
Heile landet Høgfjell og fjellskog Vanleg Ikkje aktuelt
Ilder
Mustela putorius
Truleg avgrensa til Austlandet Knytt til skog- og kulturlandskap Raudlista grunna manglande data Ikkje aktuelt
Mink
Mustela vison
Heile landet
Innført som pelsdyr i 1920-åra
Knytt til vatn og vassdrag Talrik Svartelista, fri jakt året rundt
Kattefamilien (Felidae)
Gaupe
Lynx lynx
Finst spreitt over heile landet Skog Raudlista: «Sårbar» Freda, rovviltnemndene fattar vedtak om kvotejakt i kvar enkelt forvaltningsregion [28]

Klauvdyr (Artiodactyla)[endre | endre wikiteksten]

Svinefamilien
(Suidae)
Utbreiing Biotopar Bestand Jakt
Villsvin
Sus scrofa
Hedmark, Akershus og Østfold mot svenskegrensa [29] Skog Sjeldan, streifdyr Svartelista, fri jakt heile året
Hjortefamilien
(Cervidae)
Elg
Alces alces
Heile landet, minst talrik på Vestlandet Barskog Talrik, nokre stader overpopulasjon Elgjakt september–oktober
Ca 30–35 000 dyr årleg [30]
Rådyr
Capreolus capreolus
Heile landet, i nyare tid òg Finnmark Nær kulturlandskap Talrik Jakttid september–desember
Ca 30 000 dyr årleg
Rein
Rangifer tarandus
Fjella i Sør-Noreg, tam rein finst frå Femunden til Finnmark. Ein eiga underart, svalbardrein, finst på Svalbard Høgfjell Talrik Villreinjakt august–september i 18 område
5–8000 dyr årleg [31]
Hjort
Cervus elaphus
Kysten frå Rogaland til Nordland, mest talrik på Vestlandet Lauvskog Talrik Hjortejakt september–november
Aukande, 32 000 i 2007 [32]
Dåhjort
Dama dama
Hankø og Østfold austom Glomma Opne kulturlandskap og skog Sjeldan, ville dyr er rømt frå viltfarmar September–desember
Oksefamilien (Bovidae)
Moskusfe
Ovibos moschatus
Dovre og Femundsmarka [33] Snaufjell og fjellskog Sjeldan Freda

Kvalar (Cetacea)[endre | endre wikiteksten]

Rettkvalfamilien
(Balaenidae)
Utbreiing Biotopar Bestand Jakt
Grønlandskval
Balaena mysticetus
Arktis, Svalbard, Finnmark Langs isen Raudlista: «Kritisk truga» Freda, inga jakt
Nordkaper
Balaena glacialis
Nordvestatlanteren. Tempererte hav Utrydda i Nordøstatlanteren, berre streifdyr ved Noreg [34] Freda, inga jakt
Finnkvalfamilien (Balaenopteridae)
Vågekval
Balaenoptera acutorostrata
Oslofjorden til Svalbard Hav, hoer kan trekkje inn i fjordane Talrik Kvotejakt fastsetjast for 5 år av gongen av Fiskeridept.
Seikval
Balaenoptera borealis
Agder til Finnmark Tempererte hav Talrik Freda, inga jakt
Blåkval
Balaenoptera musculus
Vestlandet til Svalbard Ope hav, sjeldan ved kyst sør for Lofoten Bestanden nestan utrydda under kvalfangst, Raudlista: «Nær truga» Freda, inga jakt
Finnkval
Balaenoptera physalus
Vestlandet til Svalbard Djupt hav Sikker bestandssituasjon i Noreg
Sårbar internasjonalt.[18]
Freda, inga jakt
Knølkval
Megaptera novaeangliae
Frå Oslofjorden til Svalbard Tempererte og polare hav Sikker bestandssituasjon i Noreg
Sårbar internasjonalt.[18]
Freda, inga jakt
Delfinar
(Delphinidae)
Gulflankedelfin
Delphinus delphis
Sporadisk frå Jæren til Troms Tropiske og tempererte hav Sjeldan Freda, inga jakt
Grindkval
Globicephala melaena
Frå Jæren til Troms Hav og kyst Vanleg Freda, inga jakt
Arrdelfin[35]
Grampus griseus
Vanleg i Stillehavet Tropiske og tempererte hav Berre streifdyr ved sørvestlandet Freda, inga jakt
Kvitskjeving
Lagenorhynchus acutus
Vestlandet Subpolar og temperert sone i Nord-Atlanteren Sikker bestandssituasjon i Noreg [36] Freda, inga jakt
Kvitnos
Lagenorhynchus albirostris
Kysten frå Trøndelag til Svalbard Hav og kyst Vanleg Freda, inga jakt
Spekkhoggar
Orcinus orca
Nordsjøen, observert langs heile norskekysten Polhav og subpolare hav Talrik Freda, inga jakt
Stripedelfin
Stenella coeruleoalba
Streifdyr, Skagerak Tropiske og tempererte hav Sårbar internasjonalt Freda, inga jakt
Tumlar
Tursiops truncatus
Streifdyr, Sørvestlandet Tropiske og tempererte hav Sårbar internasjonalt Freda, inga jakt
Narkvalfamilien
(Monodontidae)
Kvitkval
Delphinapterus leucas
Arktis, Svalbard, Finnmark
Streifdyr langs heile kysten
Sirkumpolar, kan vandre inn i elver Raudlista pga manglande data Freda, inga jakt
Narkval
Monodon monoceros
Arktis, Svalbard
Streifdyr langs Finnmark
Polhav Raudlista pga manglande data Freda, inga jakt
Nisefamilien
(Phocoenidae)
Nise
Phocoena phocoena
Langs heile kysten Kystnære strauk Talrik.
Sårbar internasjonalt.[18]
Freda, inga jakt
Spermkvalfamilien
(Physeteridae)
Spermkval
Physeter catodon
Frå Møre til Svalbard Tempererte hav Vanleg Freda, inga jakt
Spisskvalfamilien
(Ziphiidae)
Nebbkval
Hyperoodon ampullatus
Utanfor kontinentalsokkelen frå Møre til Svalbard Kalde område i Nord-Atlanteren Sikker bestandssituasjon i Noreg [37] Freda, inga jakt
Nordspisskval
Mesoplodon bidens
Nordsjøen, Sørvestlandet Djuphav i Nord-Atlanteren Raudlista pga manglande data Freda, inga jakt
Helleristning av rein, frå Bølareinen-feltet i Steinkjer
Foto: Morten Haugen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kjelde for lista er ,Artsdatabanken: Artsnavnebasen som no er gitt ansvaret for å bestemme norske namn på organismar i Norge, bokmål og nynorsk. Det er eit skjønnsspørsmål i kva grad det finnast viltlevande sauer, kattar og andre opphavlege husdyr i Noreg; men slike er ikkje teke med her.
  2. Mammal Species of the World, 3rd edition (MSW3) Taksonomien til American Museum of Natural History er referanse for norsk systematikk
  3. Kjelde for bestandsopplysningar er Artsdatabanken; artsdatabanken.no
  4. Jakt på alle landlevande virveldyr i Noreg blir regulert av Viltloven, kor det som hovudprinsipp slåast fast at «Som hovudregel er alt vilt freda viss ikkje anna blir spesifisert med lov». Det inneber at alle pattedyr er freda, med mindre det er fastsett jakttid på dei. Nokre arter er det likevel løyve til å felle som skadevilt, dvs når dyra utøver skade på eigedom. For å skilje mellom dyr som er aktivt freda av bestandsomnsyn og dei som er (automatisk) freda fordi det ikkje finst behov eller interesse for jakt, blir brukt i denne kolonnen omgrepa Jaktbar, Freda, Blir Jakta som skadevilt og Uaktuelt.
  5. Isaksen, K., Syvertsen, P.O., Kooij, J. van der & Rinden, H. (red.) (1998): Truga pattedyr i Noreg: faktaark og forslag til raudliste. Norsk Zoologisk Samskipnad. Rapport 5. : 182 s.
  6. Ahlén, I. & Tjernberg, M (rei.) (1996): Rödlistade ryggradsdjur i Sverige – Artfakta. (den svenske raudlista) ArtDatabanken, SLU, Uppsala. 335 sider.
  7. Moglegvis er arta ein nykommar i Noreg. Ref Höjer, J. (1995): Hotade djur och växter i Norden. TemaNord no 1995:520, Nordisk ministerråd, København. side 114 og 142.
  8. Arta vart skilt frå dvergflaggermus (Pipistrellus pygmaeus) i 1997. "DNA answers the call of pipistrelle bat species" i Nature 387, 138-139 (8 May 1997)
  9. Arta vart skilt frå tusseflaggermus (Pipistrellus pipestrellus) i 1997. "DNA answers the call of pipistrelle bat species" i Nature 387, 138-139 (8 May 1997)
  10. Norsk Zoologisk Forening (2008): Bredøyreflaggermusa ikkje utdøytt likevel! (nettside) [1]
  11. 11,0 11,1 [http:// www.zoologi.no/flmus/flm_vann.htm Norsk Zoologisk Forening sin flaggermusgruppe]
  12. Flaggermus i skog - Norsk Zoologisk Forening (PDF)
  13. Norsk Zoologisk Forening sin flaggermusgruppe
  14. Norsk Zoologisk Forening
  15. 15,0 15,1 Norsk Zoologisk Forening sin flaggermusgruppe
  16. 16,0 16,1 16,2 småvilt- og rådyrjakt
  17. Noregs dyr. Pattedyra 3 (1990), s 77
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 18,5 I Norsk raudliste 2006 er det oppført 6 pattedyrarter som har ein tilfredsstillande bestand i Noreg, men som likevel er oppført på Den internasjonalen raudlista: Ekorn, bever, skoglemen, knølkval, nise og finnkval
  19. BJØRKEMUS Sicista betulina Pallas, 1779zoologi.no
  20. Østmarkmus er truleg innført til Svalbard frå Russland på midten av 1900-talet
  21. http://www.zoologi.no/faktum/lemen.htm.
  22. Bisam innvandra austfrå som rømde pelsdyr på 1950-talet, opphavleg Nord-Amerikansk
  23. Brunrotte kom til Noreg på 1300-talet
  24. Wabakken & al. (2008): Ulv i Skandinavia vinteren 2007–2008 – førebels statusrapport. [Høgskulen i Hedmark]pdf
  25. Etter ein epidemi av reveskabb ca 1990 var bestanden låg, men raudrev er no eit vanleg dyr igjen.
  26. For nokre selarter blir det òg drive kommersiell selfangst, men dette skjer ikkje i norske kystområde
  27. Brainerd & al. (2008): Jakt på jerv i Noreg. Noregs jeger- og fiskerforbund og NINA. [2]
  28. Direktoratet for naturforvaltning (2008): Miljøstatus i Noreg: Jakt [3]
  29. Villsvin fanst i Noreg fram til bronsealderen, arta innvandra på ny frå Sverige på 2000-talet
  30. ssb.no/elgjakt
  31. ssb.no/reinjakt
  32. ssb.no/hjortejakt
  33. Moskusfe fanst i Noreg før siste istida, innført i 1920-åra og igjen i 1950-åra
  34. Global bestand anslås til 300–350 dyr. Éit individ observert ved Island 1987, og éit moglegvis ved Jan Mayen 1967. Ref Noregs dyr. Pattedyra 2. 1990. Éit individ vart observert og fotografert ved Kvænangen i 1999. vg.no
  35. Artsdatabanken: Artsnavnebasen Nynorsk artsnamn blei forandra frå «rissodelfin» til «arrdelfin» 1. september 2009
  36. artsdatabanken.no
  37. artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger på «nb:Liste over pattedyr i Norge» frå Wikipedia på bokmål

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pattedyr