Wikipedia:Dugnad denne månaden/2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkiv

Dugnad nett no:

Mal:Dugnad april 2024

Verdas hovudstader
Målsetjing: Solide artiklar om alle hovudstadene i verda.
Gjeremål:  
  • Opprett artiklar om namn som er raudfarga på Verdas hovudstader
  • Gjer artiklar som allereie finst betre:
    • Legg inn infoboks by
    • Utvid med eitt eller fleire punkt
    • Skriv artiklar om bygningar, stader eller personar nemnde i hovudstadartiklane
Undervegs:  
Oppsummering: Lista over hovudstader fekk fleire artiklar og mange tidlegare artiklar blei fyldigare. Ved slutten av månaden hadde me likevel ikkje artiklar om alle verdas hovudstader.



Forplantingssystemet
Målsetjing: Ein dugande artikkel om forplantingssystemet og tilstøytande artiklar.
Tips: SNL/SML har ofte gode, i nokre høve også frie, utgangspunkt.
Undervegs: Under dugnadstida har me fått nye artiklar om eggcelle, feromon, gonade, forplantingssystemet, kjønna formeiring, kjønnscelle, kjønnshormon, kloakk i zoologi, sædcelle, testosteron
Oppsummering: Me fekk ikkje artikar om andre emne me trengde, som anteridium, arkegonium, eggleiar, fruktemne, hyfe, hermafroditt, meiose, nektar, paringstype, pollenberar, progesteron, sporangium, spore, sædleiar

Emnet førte til litt, men ikkje så mykje aktivitet. Kanskje det ikkje fengja, eller var for vanskeleg?


Februar er open for forslag. --Ranveig 1. februar 2011 kl. 12:21 (CET)[svar]

  • Forslag 1: Lage artiklar om forplantingssystemet og alt rundt det, Det mannlege, det kvinnelege, andre dyreartar og planter. Dette er ein av dei siste kjerneartiklane me manglar på nynorsk wikipedia og det vert færre og færre born i nynorsksskulen så det er grunn til å tru at nynorskfolket treng informasjonen.
  • Forslag 2: Utvide artiklane om Kina.
  • Forslag 3: Finne god-artikkel-kandidatar og få dei godkjent.
- Hogne 1. februar 2011 kl. 14:34 (CET)[svar]
Me kan ta nummer 1 no og jobba oss nedover. --Ranveig 2. februar 2011 kl. 12:20 (CET)[svar]


Ranveig spør[1] om temaet var for vanskeleg for ein god dugnad. Og det trur eg kanskje at det var. Eg trur dette temaet burde vore gått gjennom av fagpersonell. Medisinske artiklar burde vore å stole på og informative på Nynorsk Wikipedia. Det er ikkje nokon som kan verve ein nynorsk medisinstudent? Hogne 2. mars 2011 kl. 14:17 (CET)[svar]

Eg er samd i det. Det er eit vrient tema å seia noko objektivt om, viss ein ikkje har medisinsk utdanning! For min del skal eg prøva å vera meir aktiv med kina-dugnaden i mars. HallvardLid 6. mars 2011 kl. 19:43 (CET)[svar]


Kina
Målsetjing: Betre artiklar om emne knytt til Kina.
Gjeremål: Me bør både få oss gode, lange artiklar om Folkerepublikken Kina og Republikken Kina (Taiwan) og kortare artiklar knytt til geografi, historie, kinesarar og liknande.
Tips: Gå inn på nb:kategori:Kina eller en:Category:China for inspirasjon!
Undervegs: Dette er eit oversyn over provinsar og provinshovudstader i Kina som det bør skrivast om:


Sjå i malen {{kinesisk historie}} for artiklar om kinesisk historikk me treng meir info om.

Nye artiklar i dugnadsperioden: Changsha, Hunan, ‎Shaanxi, Gansu, Guangdong, Hebei, Henan, Jilin, Shanxi, Hubei, Jiangsu, Shandong, Fujian, Nanjing, hanfu, forenkla kinesisk, tradisjonell kinesisk skrift, qiang, Den autonome regionen Tibet, nakhi, tujia, buyei, ‎Den nord-kinesiske sletta, Taihang Shan, mandsjuar, she, xibe, ‎Xiang Jiang, Songhua, daur, Dongtingsjøen, ‎Gobiørkenen, ‎Yuan Jiang, ‎Poyangsjøen, ‎Tre kløfter-demninga, Huai He, ‎Xinhaiopprøret, Indre Mongolia, ‎Chengdu, Harbin, ‎Shijiazhuang, Haikou, ‎Nanchong, ‎Mianyang, ‎Mianyang, Chongqing, ‎Lanzhou, ‎Taiyuan, ‎Nanchang, ‎Suzhou, Tianjin, ‎Yancheng, ‎Yangchengsjøen, ‎Lianyungang, Nantong, Jinan, ‎Hangzhou, ‎Hohhot, Hefei, ‎Fuzhou, Shenyang, Ngawa, Ürümqi, Jhongsing, Nantou by.

Oppsummering: Me har no artiklar om alle provinsane og regionane i Kina og hovudstadene deira.

Alle provinsane og regionane i Kina fekk kvar sin kategori, og det vart rydda i kategorien Kina.
Me fekk også artiklar om fleire andre byar i Kina, om elvar og sletter, om ulike kinesiske folkeslag og litt om historie og kultur. Ei god byrjing på eit stort emne.


Kategoriar om geografien i Kina[endre wikiteksten]

Fin dugnad, Ranveig!

Eg har eit spørsmål som gjeld kategoriar (som vanleg). Det ser ut til å vera vanskeleg å laga eit godt system for provinsane i Kina. I kategorien Kina ligg for augneblinken kategorien Provinsar i Folkerepublikken Kina. Den inneheld ein del stoff. Vidare i kategorien Kina ligg kategori:kinesisk geografi. Her finn me kategorien administrative einingar i Kina, provinsar i Kina og til slutt regionar i Kina.

For det fyrste: no veit ikkje eg så altfor mykje om kinesisk historie, men er det eit poeng i å skilja mellom Folkerepublikken Kina og Kina? Det ser ut til at dei har gjort det på bokmålswikipedia, men eg skjønar ikkje heilt kvifor. Dei har også ein kategori som heiter Provinsar i Folkerepublikken Kina, og ein som heiter Provinsar i Kina. Det er mogleg me har stole idéen frå dei ein gong i tida og laga dei same kategoriane sjølve.

For det andre: korleis kan me elles forenkla kategoriane om kinesisk geografi? Diskusjonen er open for innspel frå alle. HallvardLid 6. mars 2011 kl. 20:19 (CET)[svar]

Vel, eg får svara på mitt eige spørsmål. ;) Eg har no sletta kategorien provinsar i Kina, og flytt alt innhaldet til provinsar i folkerepublikken Kina. Det er jo trass alt staten som har organisert landet i provinsar. kategoriane provinsar i folkerepublikken kina og regionar i kina ligg no som underkategoriar til administrative einingar i kina. Eg har også utvida kategorien Republikken Kina, så det gjev meir meining å behalda denne. Artikkelen Taiwan skiljer klårt mellom øya Taiwan og staten Republikken Kina, og då er det naturleg at kategorien gjer det same. Reknar med det ikkje er innvendingar på dette. HallvardLid 8. mars 2011 kl. 16:51 (CET)[svar]


Japan
Målsetjing: Grunnleggjande artiklar om Japan
Gjeremål: Me treng artiklar om byar, provinsar, øyar og anna. Sjølve artikkelen om Japan kan også med fordel forbetrast.
Undervegs: Nye artiklar i dugnadsperioden: Japanske prefektur, japanske regionar, Tokyo Tower, hanami, hinamatsuri, ‎nagashibina, Nagano, Kobe, Jordskjelvet i Kobe 1995, Eisaku Sato, Professor Layton, Metroid, Metroid Prime, Asahikawa, Hakodate, Tohokuregionen, Kantoregionen, Chuburegionen
Oppsummering: Me fekk ein del nye artiklar og kategoriar, og artiklar som Japan, Hokkaido og Kyushu blei noko forbetra. Mykje står likevel att.


Dugnadsforslag[endre wikiteksten]

No som me har jobba ein månad med Kina, vil eg føreslå å ta ein månad for Japan. Som med Kina er det viktige artiklar som manglar her òg, både byar, provinsar og liknande. I desse tsunami/jordskjelv/atomredsle-tider kan det vera naturleg å retta merksemda ditåt. HallvardLid 15. mars 2011 kl. 19:14 (CET)[svar]

God idé! Særleg sidan Japan dessverre framleis er aktuelt. --Ranveig 1. april 2011 kl. 12:51 (CEST)[svar]


Nasjonalsymbol
Målsetjing: Gode oversyn og artiklar om ulike nasjonalsymbol
Gjeremål: Artiklar med bilete om alle verdas nasjonalflagg (rundt 150 manglar)

Artikkel om riksvåpen og om alle verdas riksvåpen
Artiklar om nasjonalsongar
(Alle desse er lenka til øvst i artiklar om land, som får mykje trafikk)
Oversynsartiklar og enkeltartiklar om andre nasjonalsymbol

Undervegs: Nye artiklar i dugnadstida:

Nasjonalsymbol, nasjonaldyr, stader som nasjonalsymbol, religiøse nasjonalsymbol, personar som nasjonalsymbol, ting som nasjonalsymbol, nasjonalplantar, sigill, insignium, det finske flagget, det finske riksvåpenet, riksvåpen, det afghanske flagget, det russiske flagget, Hino Nacional Brasileiro, Vande Mataram, Ola og Kari Nordmann, trikolor, det irske flagget, det bulgarske flagget, det greske flagget, Uluru, det greske riksvåpenet, Stiklestad, det afghanske riksvåpenet, kongevåpen, Allahu akbar, songen Allahu akbar, det andorranske riksvåpenet, det aserbajdsjanske flagget, det aserbajdsjanske riksvåpenet, det saudiarabiske flagget, det saudiarabiske riksvåpenet, det austerrikske flagget, det austerrikske riksvåpenet, det belgiske flagget, det belgiske riksvåpenet, den katalanske nasjonaldagen, Liberté, égalité, fraternité, det danske riksvåpenet, Fjallkonan, Moder Svea, det svenske riksvåpenet, det franske nasjonalvåpenet, nasjonalidrettar, ‎dei britiske kronjuvelane, det sovjetiske riksvåpenet, det svenske flagget

Oppsummering: Det blei skrive mange nye artiklar, oppretta kategoriar om nasjonalsymbol og laga ei rekkje omdirigeringar som gjorde det lettare å finna flagg og liknande. Dugnaden førte til at me fekk fleire viktige artiklar, men opna også for mange nye artiklar i framtida.


Nasjonalsymbol?[endre wikiteksten]

Mai er jo ein ganske «nasjonal» månad, så kva me å prøva å få artiklar om nasjonale symbol som flagg, riksvåpen og nasjonalsongar? Og eventuelt andre meir eller mindre offisielle symbol. --Ranveig 2. mai 2011 kl. 15:04 (CEST)[svar]

Det kan vera ein tanke! Tenkjer du norske nasjonalsymbol spesielt, eller for alle land i verda? HallvardLid 3. mai 2011 kl. 12:52 (CEST)[svar]
Alt! Men me må gjerne gjera oss flid med dei norske. --Ranveig 3. mai 2011 kl. 13:15 (CEST)[svar]
Eg stemmer for. HallvardLid 3. mai 2011 kl. 13:17 (CEST)[svar]


Riksvegar i Noreg
Målsetjing: Artiklar om riksvegar i Noreg, delar av dei som bruer og tunnelar, og stader dei går til.
Tips:
Undervegs: Nye artiklar i dugnadstida:

Eidsfossen, Norsk Fjordhestgard, Tromsø lufthamn, Giævernesettunnelen, Alta lufthamn, Neiden, Lakselv lufthamn, Høybuktmoen, Kirkenes lufthamn, Bardufoss lufthamn, Riksveg 706, Harstad/Narvik lufthamn, Bodø lufthamn, Trondheim lufthamn, Haugesund lufthamn, Kristiansand lufthamn, Motorvegar i Noreg, Mosby, Oddernes, Loga, Olderfjord, Smørfjord, Strømmen bru i Sør-Varanger


Forslag til dugnad Kva med å gjere ferdig artikkelen om Europaveg 6 i Noreg og å skriva artiklar om stadar, tunnelar og bruer vegen er innom? Kanskje nokon kan ta nokre fine bilete? Hogne 19. mai 2011 kl. 22:21 (CEST)[svar]

Ja, det er jo nokså passande for årstida. Skulle me utvida dugande til å omfatta heile Europaveg 6, eller er det betre med eit strammare emme med berre Noreg? --Ranveig 1. juni 2011 kl. 14:24 (CEST)[svar]
Kva med Riksvegar i Norge? Hogne 1. juni 2011 kl. 16:01 (CEST)[svar]
Ingen har sagt noko imot, så då gjer me det! --Ranveig 2. juni 2011 kl. 21:39 (CEST)[svar]


Gjeremål:  
Undervegs:  



Gjeremål:  
Undervegs:  



Gjeremål:  
Undervegs:  



Gjeremål:  
Undervegs:  



Gjeremål:  
Undervegs:  



Gjeremål:  
Undervegs: