Enevold Høyum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Enevold Steenbloch Høyum (15. mai 177524. januar 1830) var ein norsk offiser, gardbrukar og eidsvollsmann.

Høyum var frå Sauherad i Telemark. Han var son av ein oberst, og gjekk sjølv i militær teneste. I 1794 vart han fenrik i Telemarkske infanteriregiment. Han avanserte etter kvart i gradene, vart kaptein i 1809. År 1814 vart han skikka til sjef over 1. divisjon av regimentet sin «marcherende depotbatalion» i Drammen. Fire år seinare tok han avskjed.

Høyum deltok i riksforsamlinga på Eidsvoll som 1. utsending frå 'Telemarkske infanteriregiment.

Etter han gjekk ut av aktiv militær teneste dreiv han den tidlegare futegarden Søve i Holla. Høyum hadde gifta seg til garden, og døydde der i 1830.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]