Peter Hount

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Peter Ulrik Magnus Hount (176917. juli 1815) var ein dansk-norsk prest, eidsvollsmann og stortingsmann.

Hount kom til verda i Igens på øya Als i Danmark, der far hans var prest. Då han var eitt år gamal flytta familien til Søgne i Vest-Agder, der far hans var sokneprest. Frå 1783 var han elev ved Kristiansands latinskule. Claus Pavels var mellom medelevane hans, i sin Autobiographi omtalar han Hount som «den kjæreste af alle min tidligere Ungdoms Venner». År 1786 gjorde han seg ferdig på skulen og var student. Studerte deretter ved Københavns universitet og vart cand. theol. i 1791.

Etter ei tid som alumnus saman med Claus Pavels ved 'Ehlers kollegium' vart han i 1793 residerande kapellanVoss. Her arbeidde han for å forbetre fattig- og skulestellet. Grunna sjukdom flytta han i 1800 til laglegare klima, då han vart sokneprest i Moss. Allereie året etter vart han i staden sokneprest i Berg, og samstundes prost i Nedre Borgesyssel. Hount var ein utprega rasjonalistisk prest, med målsetting om å gjere innbyggjarane til nyttige samfunnsborgarar. Saman med trelasthandlar Jøgen S. Jørgensen stifta han i 1810 'Bergs Agerdyrknings- og Industri-Selskab'.

Hount fekk i 1809 prenta artikkelen «Norges retfærdige og billige Ønsker» i avisa Tiden. Her fremja han krav om eigen norsk bank, universitet og kornmagasin. I 1814 vart han vald til utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll frå Smålenene. Han høyrde til unionspartiet. Tilbake i Smålenene opplevde Hount det norske felttoget hausten 1814. I lag med Carsten Tank overbringa han 7. august Karl Johans fredsforslag i det norske hovudkvarteret.

På det overordentlege Stortinget i 1814 vart han sett på med mistillit grunna sine kontaktar med den svenske kronprinsen. Til dette kom at han kom frå den delen av Østfold som var okkupert av svenske styrkar, valet til stortinget vart godkjent mot 14 stemmer, 59 stemte for. Mistilliten vart ikkje mindre då Hount 7. januar 1815 vart tildelt Nordstjerneordenen. Han var innvald på Stortinget i 1815, døydde berre nokre dagar etter tinget kom saman. Gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]