John Hansen Sørbrøden
Frå DigitaltMuseum
John Hansen Sørbrøden (3. mai 1775–8. desember 1857) var ein gardbrukar, eidsvollsmann og stortingsmann frå Berg i Østfold.
Sørbrøden stamma frå ei gammal lensmanns-slekt, som hadde flytta til Østfold frå Båhuslen då dette området vart innlemma i Sverige i 1658. Han tok over farsgarden Sørbrøn i 1807. I krigsåra 1808-09 reiste han fleire gongar over riksgrensa mot Sverige, for å orientere seg om kva fienden føretok seg og kvar styrkane låg. Informasjonen formidla han til leiande norske aktørar, som kommandør Juul og kanselliråd Dahl.
Sørbrøden var ein kjend, omreisande predikant, og stod sentralt i Hauge-rørsla. Slektsgarden Sørbrøn vart eit haugiansk sentrum i området.
Med sine kontaktar i ulike miljø, var Sørbrøden ein viktig aktør i det lokale, politiske landskapet i 1814. Til riksforsamlinga på Eidsvoll var han utsending frå Smaalenenes amt. Han slutta seg der til sjølvstendepartiet, i dei andre politiske sakene fylgde han trufast den lokale prosten, Peter Hount.
Sørbrøden var vararepresentant til stortinga i 1815–16 og 1818. Han var stortingsrepresentant i 1833, medlem av konstitusjonskomiteen.
Kjelde [endre]
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914