Hans Midelfart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Midelfart på et måleri av P. Meidell frå 1860. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Hans Christian Ulrik Midelfart (22. juli 17721. desember 1823) var ein norsk prest og eidsvollsmann.

Midelfart var fødd på Byneset prestegard i Sør-Trøndelag. Han vart cand. theol. i 1794. Sidan var han fyrst lærar ved borgarskulen og så på latinskulen i Trondheim. Sokneprest i Beitstad frå 1802, i tillegg prost i 'Vestre Innherad' frå 1806.

Midelfart var ein opplysningsteolog med stor sans for skule og anna opplysningsverksemd. Arbeidet hans vart rosverdig omtala av biskop Peter Olivarius Bugge i Trondheim; «hans Skoleungdom karakteriseres som den 'mest dannede' i Stiftet». (DBL)

Midelfart representerte Nordre Trondhjems Amt under riksforsamlingaEidsvoll. Der var han medlem av konstitusjonskomiteen. Han deltok lite i dei politiske forhandlingane, med unnatak for skule- eller kyrkjesaker. Han høyrde til dei som oftast fylgde sjølvstendepartiet.

Henrik Wergeland omtala Midelfart som «En flink, liberalttænkende Geistlig af Falsens politiske Tro». Mellom anna tala han ope mot jødeparagrafen og gjekk inn for at danskar skulle ha tilgang til norske embete. Elles støtta han dei som arbeidde for at kyrkja skulle behalde eiga si og verdiane sine, men at avkastinga frå desse i størst mogeleg grad skulle gå til skulen.

Frå 1815 var Midelfart sokneprest i Skogn, dette embetet hadde han til han døydde på prestegarden i 1823. Straks før han døydde vart han vald til Stortinget 1824, men døydde altså før det vart opna i januar 1824.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]