Georg Jersin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Burchard Jersin måla etter silhuett av Ragna Hennig-Larsen.
Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum
Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum
Georg Burchard Jersin (20. januar 1767–5. oktober 1827) var ein norsk prest og stortingsmann.
Jersin var fødd i Leikanger i Sogn, der far hans var prest. Han gjekk i skule i Bergen, student frå katedralskulen i 1786. Cand. theol. vart han i 1793. Jersin var frå 1794 pers. kapellan hos faren, i 1800 vart han residerande kapellan i Voss. Han fekk året etter oppretta Voss soknebibliotek, eit av dei tidlege offentlege biblioteka i Noreg. År 1808 vart han utnemnd til sokneprest i Voss, eit embete han styrte til han døydde. Jersin var forlikskommissær i ei rekke av år.
Jersin var vald til 2. utsending frå Søndre Bergenhus amt til riksforsamlinga på Eidsvoll i april og mai 1814. Han slutta seg til sjølvstendepartiet.
Kjelde [endre]
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff [endre]
- Biografisk informasjon om Georg Jersin Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes politikararkiv