Gullik Madssen Rød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gullik Madssen Rød (17869. august 1857) var ein soldat, gardbrukar og eidsvollsmann.

Rød var fødd i Botne, der faren var gardbrukar. Kring 1812 tok han over garden Bø i Sande i Vestfold etter svigerfaren sin. Han var elles kommandersersjant i sandeske kompani av telemarkske regiment.

I 1814 var Rød utsending frå telemarkske regiment til riksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. Han «beundret Christian August og saa i Christian Fredrik samlingstegnet for vor nationale selvstændighet» [1]. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte den nyvalde kongen, Kristian Fredrik.

Rød vart vald til å representere Jarlsberg og Larviks amtStortinget i 1836. Han møtte også på det overordentlege stortinget 1836-37. Mellom anna var han medlem av militærkomiteen.

Rød dreiv garden sin i Sande i lang tid. I alle år var han ein mykje nytta rådgjevar, var både prestens medhjelpar og forlikskommissær. Han døydde i Sande i 1857.

Fotnotar [endre]

  1. Lindstøl:738

Kjelde [endre]