Jens Erichstrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jens Erichstrup
Fødd 10. november 1775
Skien
Død 18. august 1826 (50 år)
Stavanger
Parti Unionspartiet
Yrke Fut og konstituert amtmann
1. verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Lister Amt
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1818-1820, 1821-1823 og 1824-1826

Jens Erichstrup (10. november 177518. august 1826) var ein embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.

Erichstrup var frå Skien, der faren hans dreiv som glasmeister. Han tok norsk juridisk eksamen i 1798. Frå 1801 til 1810 arbeidde han i rentekammeret, dei to fyrste åra som kopist, sidan som fullmektig. I 1810 vart han fut i Lister, frå 1818 tilsvarande stilling i Larvik. Amtmann i Stavanger amt i 1826.

Erichstrup var utsending frå Lister amt til riksforsamlingaEidsvoll i 1814. Der høyrde han til unionspartiet. I 1818 vart han vald inn på Stortinget som representant for same valkrinsen. Han var då medlem av 19 komitear, formann i tre. Mellom anna var han medlem av budsjettkomiteen, av komiteen som såg på Ålesund sin handel på Danmark og Sverige, og av komiteen om handelspass på landsbygda. År 1821 var han representant for Larvik grevskap, sameleis på det overordentlege storting 1822. Han var i 1821 formann i tre av dei 17 komiteane han var med i. Både i 1821 og 1822 var han sekretær i Odelstinget og medlem av valkomiteen. Då han i 1824 møtte på Stortinget, var han vald for Larvik amt. Han var då sekretær i Stortinget, i valkomiteen og i budsjettkomiteen.

Erichstrup døydde ugift i Stavanger i 1826, same året som han var komen til byen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]