Even Thorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Even Thorsen
none  Even Thorsen måla av Christian Olsen i 1855.
Even Thorsen måla av Christian Olsen i 1855.
Fødd 26. august 1778
Austre Moland i Aust-Agder
Død 24. mars 1867 (88 år)
Flosta
Nasjonalitet Norsk
Parti Sjølvstendepartiet
Yrke Matros og gardbrukar
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Søe-Deffensionen

Even Thorsen (26. august 177824. mars 1867) var ein matros, gardbrukar og eidsvollsmann frå Austre Moland i Aust-Agder.

Thorsen voks opp på småbruket Bjornes i Austre Moland, i fattige kår. Tidleg i livet reiste han til sjøs. Under napoleonskrigane sat han frå 1807 tre-og-eit-halvt år krigsfange i England. Etter heimkomsten i 1810 gjekk han i orlogsteneste. År 1814 var han med orlogsbriggen "Kiel".

I 1814 vart Even Thorsen vald til å representerte 'Søe-Deffensionen' (sjøforsvaret) under riksforsamlingaEidsvoll. Han var 4. deputert, dei øvrige var Jens Schou Fabricius, Thomas Konow og Peder Johnsen. Thorsen røysta med sjølvstendepartiet. Saman med Peder Johnsen la han fram erklæringa om verneplikta, elles deltok han lite i forhandlingane. Even Thorsen skreiv under grunnlova med ført Pæn. Han var den einaste av eidsvollmennene som ikkje kunne skrive. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte Kristian Fredrik.

Etter 1814 vart han gardbrukar i Flosta. Thorsen vart seinare arbeidsufør, og Stortinget løyvde han i 1857 ein årleg pensjon. Tre år før han døydde vart han invitert til femtiårsfesten for grunnlova, men han var så skrøpeleg at han ikkje deltok. I 1867 døydde han i Flosta, 89 år gamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]