Johan Collett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Collett
none  Johan Collett av Jacob Munch
Johan Collett av Jacob Munch
Fødd 22. mars 1775
Død 19. juni 1827 (52 år)
Parti Sjølvstendepartiet
Yrke Jurist og amtmann
1. verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Buskeruds amt
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1814, 1818-1820, 1824-1826 og 1827-1829

Johan Collett (22. mars 177519. juni 1827) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Collett var fødd i Prestø på Sjælland i Danmark. Han vart cand. jur. i 1793. Arbeidde i åra 1796-1802 i det danske rentekammeret. Frå 1802 var han fut i Buskerud, 1814 utnemnd til amtmann i same. Han var amtmann der til han døydde.

Collett var utsending frå Buskerud amtriksforsamlinga i 1814. På Eidsvoll var han ein av dei fremste talsmennene for sjølvstendepartiet. Han vart vald til stortingsrepresentant fire gongar. Fyrste gongen til det overordentlege storting 1814, der han var medlem av Lagtinget og var med i tre komitear. Neste gongen, 1818, var han visepresident i Lagtinget. Han var då medlem i 15 komitear, formann i ti av dei. Mellom anna var han formann i komiteen om bank- og pengevesenet. År 1824 sat han på stortinget for tredje gong. Han var då formann i komiteen om jordbruk og fedrift, og i komiteen om kjøpstadskatten. Også på det neste stortinget, 1827, var han formann i jordbruk og fedrifts-komiteen, samt komiteen og berg- og skogvesen. Som i 1818 var han visepresident i Lagtinget.

Johan Collett døydde i Kristiania under stortingssamlinga i 1827, og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Han var bror av Jonas Collett og far til Peter Jonas Collett.

Collett var innehavar av Vasaordenen og Nordstjerneordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]