Pål Torsson Harildstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pål Torsson Harildstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. desember 1764
Død

15. januar 1843 (78 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Pål Torsson Harildstad (23. desember 176415. januar 1843) var ein norsk lærar, sersjant, gardbrukar og eidsvollsmann.

Harildstad var fødd i Heidal i Oppland. I ungdomen var han omgangsskulelærar i fire år. Sidan vart han underoffiser og deltok i 1788 i felttoget mot Sverige. Frå 1794 var han gardbrukar på garden Åmot i Kvam i Oppland. Her vart han ein føregangsmann i hagebruk.

1807-15 var Harildstad kommandersersjant i kvamske regiment, deltok i slaget ved Toverud i 1808. Utnemnd til dannebrogsmann for innsatsen. I 1814 var Harildstad utsending frå oplandske regiment til riksforsamlingaEidsvoll. Han slutta seg der til sjølvstendepartiet.

Harildstad døydde på garden sin i Kvam i 1843.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]