Hilmar Meincke Krohg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hilmar Meincke Krohg antakeleg måla av Knud Bergslien. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Hilmar Meincke Krohg (1. januar 177613. august 1851) var ein norsk amtmann og stortingsmann.

Krohg vart fødd i Trondheim. Han gjekk ut av katedralskulen i heimbyen i 1794. Deretter studerte han jus ved universitetet i København, men oppheldt seg i Noreg 1795-97. Han tok juridisk eksamen i 1799. Etter å ha gjort teneste som volontør i kanselliet og arbeidd som privatsekretær for Frederik Moltke, reiste han 1801 til Noreg. Han kjøpte ein gard ved Trondheim og var gardbrukar til 1807.

Krohg vart utnemnd til amtmann i Finnmarken i 1807. Fire år seinare, 1811, overtok han amtmannsembetet i Romsdals amt. Frå 1811 til januar 1814 var han elles konstituert stiftamtmann i Trondhjems stiftamt. Han var amtmann i Romsdal i 29 år, tok avskjed 1840 med kongens "naadigste Tilfredshed med hans lange og tro Tjeneste".

1814 møtte Krohg på riksforsamlinga på Eidsvoll. Han var visepresident 9.-16. mai, og medlem av finanskomiteen. Møtte på det overordentlege storting 1814, der han var lagtingspresident, men møtte ikkje i 1818 då han var sjuk. Innvald til stortinget på nytt i 1824 og i 1830. I 1824-sesjonen var han formann i komiteen for handels- og næringsfridom, og komiteen for utvikling av Finnmark.

År 1826 reiste Krohg rundt om i Finnmarken som formann i den kongelege kommisjonen som skulle kome forslag til åtgjerder som kunne hjelpe på utviklinga ("oppkomst") av amtet. 1830 var han på ny formann i komiteen som arbeidde med å utvikle Finnmark, og formann i kyrkjekomiteen.

Krohg døydde på garden sin, Nøjsomhed, i dåverande Bolsøy (no Molde). Han var far til Otto Theodor Krohg.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]