Arild Sibbern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arild Sibbern
none  Arild Sibbern på eit portrett av Aasta Hansteen. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814
Arild Sibbern på eit portrett av Aasta Hansteen. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814
Fødd 27. juni 1785
Rygge i Østfold
Død 11. april 1863 (77 år)
Kristiansand
Parti Sjølvstendepartiet
Yrke Offiser
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Ingeniørbrigaden

Henrik Frederik Arild Sibbern (27. juni 178511. april 1863) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Sibbern var fødd på Værne kloster i Rygge i Østfold, og var ein yngre bror av Valentin Sibbern. Han vart oppteken ved landkadettakademiet i København i 1800, og vart offiser i 1803. Året etter vart han beordra til pasjeteneste ved kongens hoff, i 1805 var han underoffiser og underviste ved landkadettskulen. År 1807 vart han sekondløytnant ved kongens regiment stasjonert i Helsingør. 1808-10 gjekk han i København høgskulekurset for ingeniøroffiserar skulle verte. I 1811 var han på synfaring ved Spangereid med tanke på kanalbygging. Perioden 1811-14 tenestgjorde han i Trondheim.

I 1814 gjekk Sibbern inn i den norske ingeniørbrigaden og busette seg i Kristiansand. I åra etter leia han oppføringa av mange offentlege bygg i byen, og anlegginga av vegar. Han rykte opp til major i armeen i 1832, i 1834 i brigaden. 1853-56 var han oberstløytnant i brigadestaben i Kristiania.

Sibbern var utsending frå ingeniørbrigaden til riksforsamlingaEidsvoll i 1814. Han må reknast for å høyrd til sjølvstendepartiet. Ved ei rekke stortingsval for perioden 1827-48 var han på varamannsplass, men kom aldri på Stortinget.

I 1856 flytta Sibbern tilbake til Kristiansand, der han døydde i 1863.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sibbern var innehavar av St. Olavs Orden, Nordstjerneordenen og Sverdordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]