Peter Motzfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Motzfeldt.

Peter Motzfeldt (3. august 17771. april 1854) var utsending til riksforsamlingaEidsvoll, og stortingsmann same året. Frå 1815 til 1837 var ha statsråd.

Motzfeldt var fødd i Orkdal, faren var offiser i infanteriet. Faren døydde då Peter var seks år gammal, og guten vart sidan fostra hos ein onkel som også var offiser. I 1792 kom han inn ved artilleriakademiet i København og vart sekondløytnant i artilleriet med stasjon i Fredrikstad i 1796. Derifrå vart han i 1802 send som premierløytnant til kolonien St. Thomas i Vestindia, rykte opp til kaptein året etter. England erobra kolonien i 1807 og dei militære på St. Thomas vart ført i krigsfangenskap til Reading. Motzfeldt vart utveksla og kom tilbake til Noreg i april 1809. Han vart så sjef for ein artilleristyrke i Bergen, seinare visekommandant på Bergenhus festning.

I 1814 vart Motzfeldt vald til utsending til riksforsamlinga frå Bergen by og frå artillerikorpset, han møtte som representant for artillerikorpset. Han var mellom dei leiande i forsamlinga og viste seg som ein ivrig tilhengar av Kristian Fredrik og motstandar av unionen med Sverige. Som medlem av konstitusjonskomiteen tok han aktivt del i forhandlingane om grunnlovsteksta. Han var elles ein av dei talarane i forsamlinga som det vart lytta til. Då det vart vald konge 17. mai og grunnlova vart vedteken var han visepresident i forsamlinga.

Motzfeldt møtte som 2. representant for Bergen ved det overordentlege storting i oktober-november 1814. Han var då president i Lagtinget og mellom anna formann i undersøkingskomiteen. Dei fire representantane frå Bergen stemte på tinget imot unionen med Sverige, men Motzfeldt vart likevel medlem av komitéen som skulle forhandle med dei svenske kongelege kommissærane.

Etter kongevalet av Carl XIII vart Motzfeldt utnemnd til statsråd den 18. november. Han var fyrst medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, saman med Christian Krohg, frå desember 1814.

Då det fyrste ordentlege storting vart samla til sesjon i Christiania 1. juli 1815, gjekk han ut av statsrådsavdelinga og vende tilbake til Noreg. Truleg hadde Karl Johan håp om at han skulle påverke stemninga til fordel for forslaget til riksakt.

Grunna sjukdom reiste Motzfeldt til Bergen. Fyrst 4. mai 1816 tok han sete i den norske regjeringa og vart sjef for Armédepartementet. Her måtte han ta fatt med arbeidet til ei lov som skulle redusere storleiken på hæren. 1818-19 var han atter medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, der han seinare gjorde teneste fire gongar til. I 1822 overtok han det nye Revisjonsdepartementet. År 1825, under eit av sine opphald ved statsrådavdelinga i Stockholm, var han medlem av komiteen som førebudde Mellomrikslova av 1827.

Tilhøvet til kongen vart etter kvart prega av misnøye, noko som toppa seg då sonen hans, Ulrik Motzfeldt, vart vraka i samband med ei utnemning ved universitetet. 27. mai 1837 tok Motzfeldt avskjed frå statsråd.

1839-41 var Motzfeldt formann i den norske avdelinga av unionskomiteen.

Han døydde i Kristiania, og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]