Helge Ellingsen Waagaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge Ellingsen Waagaard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. januar 1781
Norderhov
Død

25. mars 1817 (36 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Helge Ellingsen Waagaard på Commons

Helge Ellingsen Waagaard (27. januar 178125. mars 1817) var ein soldat og eidsvollsmann frå Norderhov i Buskerud.

Waagard var fødd i Lunde sokn i Norderhov, faren hans var ein rik bonde som eigde fleire gardar. Sjølv var han i 1814 musketer ved det ringerikske kompani av 2. nasjonale korps. Han deltok i den korte krigen mellom Sverige og Noreg sommaren 1814. Under felttoget symde Waagaard over Glomma og skal visstnok ha drepe fleire svenske soldatar. Waagaard vart såra og vart derpå frakta tilbake til Vågård, garden som han overtok etter far sin kort etter 1814.

Våren 1814 var Waagaard utsending for nordafjelske infanteriregiment til riksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. På Eidsvoll skal han ha teke ordet fire gongar. Særleg var han oppteken av at verneplikta skulle verte grunnlovsfesta.

Waagaard vart seinare, saman med fleire andre, heidra for sin krigsinnsats og for «edel dåd». Dei var dei første soldatane som vart dekorert etter den nye grunnlova.

Waagaard døydde på Vågård våren 1817, etter seiande av sårskadane han fekk under felttoget i 1814. På Norderhov kyrkjegard er det to gravminne over Helge Ellingsen Waagaard. Det første vart reist av enka etter han, det andre mot slutten av 1800-talet av den etterlevande Waagaardslekta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Haukås, Kåre: Norsk Biografisk Leksikon, bd. 18, Oslo 1977.
  • Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Heftet Ringerike
  • Ringerikes Blad
  • Eidsvoll museums nettsider
  • Nils Elsrud