Talleiv Olavsson Huvestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Talleiv Olavsson Huvestad måla av Carl Lorck. Eigar Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Talleiv Olavsson Huvestad (176113. juli 1847) var ein gardbrukar, eidsvollsmann og stortingsmann frå Skafså i Telemark.

Huvestad var fødd på garden Storåsli i Skafså. I ungdomen var han omgangsskulelærar. Frå 1794 var han gardbrukar på Huvestad i Eidsberg sokn i Lårdal. Han var 1809-30 medhjelpar åt sokenpresten.

I 1814 var Huvestad utsending frå Bratsbergs amt til riksforsamlingaEidsvoll. Stortingsrepresentant i 1818, medlem av sju komitear. Mellom dei var var komiteen om utvidinga av Holmestrand, og om utlevering av tjuvar mellom Noreg og Sverige. Han skal ha arbeidd målbevisst for å fremje bondeinteressene.

I 1826 tok han kår, døydde på Huvestad i 1847.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]