Elling Olsson Valbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elling Olsson Valbø (Walbøe), seinare Elling Olsson Lande, (26. mai 176313. desember 1831), var ein gardbrukar, byggmeister, eidsvollsmann og stortingsmann frå Ørskog.

Valbø var frå 1780 gardbrukar på farsgarden Valbø i Ørskog. Seinare kjøpte han garden Nedre-Lande i same bygda og flytta dit. Ved sidan av gardsdrifta var han verksam som byggmeister, og bygde mellom anna Innvik kyrkje og åttekantkyrkja på Sjøholt frå 1807 (flytta til Herøy i 1872).[1]. Valbø var også byggmeister for den åttekanta Hareid kyrkje som vart riven i 1877.

Han var forlikskommissær i Ørskog frå 1799 til 1827. I 1814 vart han vald til 3. utsending frå Romsdals amt til riksforsamlingaEidsvoll. På riksforsamlinga engasjerte han seg først og fremst i hjartesakene til bøndene. Saman med fem andre bønder gjorde han framlegg om å selje kyrkjegodset og bruke pengane som grunnkapital til ein norsk sentralbank. Den same gruppa av bønder stod også bak eit framlegg om å gjeninnføre og grunnlovsfeste odelsretten. I spørsmålet om sjølvstende kontra union følgde Valbø ein annan utsending frå Romsdals amt, Jens Stub, og stemte med unionspartiet.

Ved valet til det overordentlege stortinget 1814 vart Valbø vald som 2. representant. Stortingsvalet for 1815-16 enda med at han vart 2. varamann (suppleant).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grimstad, Arnljot (2012): Korleis det kom kyrkje på Leikong. Årsskrift 2012, Ørskog historielag, hefte nr 22.