Claus Bendeke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Claus Bendeke
none  Claus Bendeke på ein kopi av Christian Olsen
Claus Bendeke på ein kopi av Christian Olsen
Fødd 3. desember 1763
VangHedemarken
Død 29. mai 1828 (64 år)
Kristiansand
Parti Sjølvstendepartiet
Yrke Amtmann
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Hedemarkens amt
Wikimedia Commons: Claus Bendeke

Claus Bendeke (3. desember 176329. mai 1828) var ein norsk embetsmann og eidsvollsmann.[1]

Bendeke var fødd i Vang i Hedmark, der faren hans var sorenskrivar. Han vart cand. jur. i 1788. Deretter var han handelsinspektør for kvalfangsten og handelen i handelskolonianeGrønland. Som Danmarks inspektør var han den som innførte bruken av pengar på Grønland. Frå 1801 laga han kredittsetlar som avrekning til kvalfangarane. Setlane var enkelt laga, Bendeke sjølv laga dei av spelkort.[2]

År 1804 vart Bendeke amtmann i Hedemarkens amt. Ni år seinare vart han pålagd i å få orden på forretningane sine, gjekk av i 1816. Han byrja då som assessor i Kristiansands stiftsoverrett, justitiarius for denne i 1823.

I 1814 var Bendeke utsending frå Hedmark til riksforsamlingaEidsvoll.[3][4] Han høyrde til sjølvstendepartiet, og var visepresident 2.-9. mai 1814.

Han døydde i Kristiansand i 1828.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 65
  2. Grønlandske pengesedler og deres forløbere.
  3. Biografisk informasjon om Claus Bendeke Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes politikararkiv
  4. Claus Bendeke frå Eidsvoll 1814