Gunvald Ludvigsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunvald Ludvigsen
Foto: Audun Halaas / Venstre

Gunvald Ludvigsen (fødd 15. februar 1949) i Leirfjord, Nordland) er ein norsk politikar (Venstre).

Ludvigsen kjem frå Nordland men har budd på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane sidan 1983. Han har utdanning i sosialøkonomi frå Universitetet i Oslo frå 1977. Frå 1983 til 1990 var han rådmann i Eid kommune. I 1991 melde han seg inn i Venstre, og sat i kommunestyret i Eid frå 1991 til 1995 og frå 1999. Frå 1993 til 2003 var han direktør ved Nordfjord sjukehus. Etter kommunevalet i 2003 vart han ordførar i Eid. Ved stortingsvalet i 2005 vart han vald inn på Stortingetutjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane. Han sit i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Biografi frå stortinget.no