Gunn Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunn Olsen

Gunn Olsen (fødd 18. september 1952 i Kragerø, død 27. desember 2013) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var vararepresentant til Stortinget i perioden 1993–1997, og sat som fast stortingsrepresentant frå Telemark frå 1997. Olsen vart attvald i 2009, men tidleg i perioden måtte ho trekkje seg fordi ho var vorten alvorleg sjuk. Ho døydde av kreft 61 år gamal i 2013.[1][2][3]

Gunn Olsen gjekk ut av Kragerø Handelsskole i 1969, og arbeidde deretter som kontorfullmektig i 21 år, fram til 1990. Ho hadde styreverv i mellom anna Kragerø Elektrisitetsverk og Sannidal og Skåtøy Sparebank. Olsen hadde ei lang lokalpolitisk forankring, ho var medlem av fylkestinget frå 1983 og var fylkesvaraordførar i Telemark i åra 1990–1995.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tapte kampen mot kreften». ta.no Telemarksavisa (27. desember 2013). Vitja 27. desember 2013.
  2. Nynorsk pressekontor/NTB (27. desember 2013). «Ap-politikar Gunn Olsen er død». hordaland.no Hordaland. Vitja 27. desember 2013.
  3. Trond Nøstvold Tou (27. desember 2013). «Gunn Olsen sovnet inn i morges». kv.no Kragerø Blad Vestmar. Vitja 27. desember 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]