Bård Hoksrud
Bård André Hoksrud (fødd 26. mars 1973 i Porsgrunn) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet). Han vart valt inn på Stortinget frå Telemark i 2005 og valt på nytt ved stortingsvalet 2009. Han var varerepresentant i periodane 1997–2005.
Hoksrud er kommunestyrerepresentant i Bamble kommune og medlem av fylkestinget i Telemark. Han har tidlegare vore formann av Framstegspartiets Ungdom.
I september 2011 vart han filma av TV2 på veg ut av ein bordell[1] i Riga. Han innrømte etter dette å ha kjøpt sex av ei prostituert kvinne. Hoksrud trekte seg etter avsløringa frå alle verv i FrP, men held fram som stortingsrepresentant.[2]. Han vedtok bota på 25 000 kroner som han vart pålagt å betale av Politiet i Telemark for brot mot §202a i Straffelova.[3]
[endre] Stortingskomitear
- 2009–: andre nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen
- 2005–09: medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen
- 2005–: medlem i valkomiteen
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Fotnotar
- ↑ http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/krim/stortingspolitiker-kjoepte-sex-i-riga-3591400.html
- ↑ http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7803441
- ↑ Lena Beathe Jakobsen (2011 september). Hoksrud godtar bot. varden.no.
| Føregjengar Anders Anundsen |
Formann i FpU 1999–2002 |
Etterfylgjar Trond Birkedal |