Sigvald Oppebøen Hansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigvald Oppebøen Hansen (fødd 21. september 1950 i Nissedal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Telemark i 1993. Ved stortingsvalet 2009 vart han valt på nytt for fjerde gong.
Oppebøen Hansen har gjennomgått handelsskole og Postskolen, og arbeidde i Posten frå 1969 til 1993. Han var i åra 1979–83 medlem av utval og kommunestyre i Nissedal, og leiar av helse- og sosialutvalet i kommunen. Vidare sat han i Telemark fylkesting frå 1983 til 1993, då han vart valt inn på Stortinget fyrste gong.
Innhaldsliste |
Stortingets presidentskap [endre]
- 2005–2009 første varapresident i Odelstinget.
- 2001–2005 sekretær i Odelstinget.
- 1997–2001 varasekretær i Odelstinget.
Stortingskomiteer [endre]
- 2009–2013 medlem i Justiskomiteen.
- 2005–2009 medlem i Næringskomiteen.
- 2001–2005 medlem i Kommunalkomiteen.
- 2001–2005 medlem i Valkomiteen.
- 1997–2001 medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.
- 1997–2001 varamedlem i Den utvida utanrikskomiteen.
- 1997–2001 medlem i Valkomiteen.
- 1993–1997 medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen.
- 1993–1997 varamedlem i Valkomiteen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sigvald Oppebøen Hansen» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2010.