Elisabeth Røbekk Nørve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elisabeth Røbekk Nørve

Fødd29. mars 1951 (72 år)
Sula
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Alle verv

Elisabeth Røbekk Nørve (fødd 29. mars 1951 i Borgund) er ein norsk politikar frå Høgre. Frå 1997 til 2001 var ho vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal. Ho vart vald inn på Stortinget for perioden 2001–2005. I perioden 2005–2009 var ho 1. vararepresentant, og møtte fast på Stortinget frå 3. desember 2007 for den avdøde stortingsrepresentanten Petter Løvik. I 2009 vart Nørve på nytt vald inn på eige mandat.

Nørve har teke Handelsskole redusert fagkrets ved Latinskolen Ålesund, Reiselivskole NKI, Folkeuniversitetet og Interiørkonsulent NKI, Folkeuniversitetet. Nørve har ein lang og variert yrkespraksis innan ulike serviceyrke, frå hushjelp i åra 1965-1966 til butikkansvarleg og sjølvstendig næringsdrivande. I tillegg har ho vore rådgjevar for Møre og Romsdal NHO.

Nørve gjekk av som 1. nestleiar i Møre og Romsdal Høgre den 8. mars 2009, eit verv ho hadde hatt sidan 2004. I perioden frå oktober 2007 til 9. mars 2008 var ho fungerande leiar i fylkesforeininga.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]