Ivar Kristiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivar Kristiansen i 2010.
Foto: Kjetil Ree

Ivar Kristiansen (fødd 18. august 1956 i Hadsel) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har sete på Stortinget for Nordland fylke sidan 1997, og er frå 2009 medlem i Stortingets utanriks- og forsvarskomité. Han er Høgres talsperson for forsvar- og tryggingspolitikk, utanrikspolitikk, den tredje verda, internasjonalt arbeid, Europa og EU. Han har tidlegare vore energipolitisk talsperson, og har markert seg som ein klar tilhengjar av olje- og gassutvinning langs Nordlandskysten.

Karrière[endre | endre wikiteksten]

Kristiansen vart fødd i Hadsel i Nordland, som son av småbrukar Kåre Kristiansen (1916–1988) og Erna Annie Johnsen (1916–1993). Han har eksamen frå vidaregåande skule frå 1975, tilleggsutdanning frå Nordland distriktshøgskole frå 1980, i tillegg til diverse kurs frå Norske Avisers Landsforening. Han var marknadssjef i Næring i Nord 1987–1993, jobba i Salten Assuranse 1994–1995, og salssjef i Nordlandsposten 1994–1997.

Kristiansen var fylkessekretær i Nordland Høgre 1980–1987. Medlem av Bodø formannskap 1987–1995, og leiar i bystyregruppa til Høgre og Bodø fellesborgarlege gruppe 1988–1995. Han var fylkesvaraordførar i Nordland frå 1995 til han vart valt inn på på Stortinget i 1997.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ivar Kristiansen