Eirin Kristin Sund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eirin Kristin Sund (fødd 6. april 1967 i Brønnøysund) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Rogaland i 2005 og valt på nytt ved stortingsvalet 2009.
Eirin Sund har arbeidserfaring frå borne- og ungdomsarbeid i heimfylket Rogaland og er frå 2007 visepresident i Norges fotballforbund.
Før ho vart valt inn på Stortinget var ho fylkesvaraordførar i Rogaland 2003-05. Sund har tidlegare vore varaordførar i Gjesdal, politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet og statssekretær i Samferdselsdepartementet. Sund var i 2006 med og stifta Humanistiske sosialdemokratar der ho sit i styret frå 2006.
Eirin Sund er dotter av Ap-politikaren Kjell Sund.
[endre] Regjering
- 13. november 1996 – 17. oktober 1997: politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet
- 17. mars 2000 – 19. oktober 2001: statssekretær i Samferdselsdepartementet
[endre] Stortingskomitear
- 2009–: andre nestleiar i energi- og miljøkomiteen
- 2009–: medlem i valkomiteen
- 2005–09: medlem i finanskomiteen