Thomas Breen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Breen

Thomas Breen (fødd 13. september 1972 i Folldal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Hedmark ved stortingsvalet i 2009.

Breen vart utnemnt som vararepresentant til Stortinget frå Hedmark i 2005. Han møtte fast som medlem i justiskomiteen, ettersom den valte representanten Knut Storberget var i regjering. Frå 2009 er Breen medlem av finanskomiteen og valkomiteen.

Han var varaordførar i heimkommunen frå 2003 til han vart stortingsrepresentant. Han sat også i kommunestyret 1999-03, og han er styremedlem i Hedmark Arbeidarparti.

Breen er utdanna tømrar og er i det sivile livet industriarbeidar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]