Olav Gunnar Ballo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Gunnar Ballo (fødd 22. oktober 1956) er ein norsk politikar for SV, fødd i Alta i Finnmark.
Ballo vart vald inn på Stortinget frå Finnmark i 1997. Han var vararepresentant fra 1993.
Ballo er lege (Cand.med.) frå Würzburg universitet i Bayern (Tyskland), der han tok eksamen i 1983.
Han vart usamd med partiet i fleire saker, mellom anna om bioteknologi. I 2011 melde han seg ut av SV og inn i Arbeidarpartiet. Han har vore gift med stortingsrepresentant og tidlegare statssekretær Heidi Sørensen. I 2012 hav han ut sjølvbiografien Stortingsliv, der han tek eit oppgjer med mellom anna partikulturen i SV.
Stortingets presidentskap [endre]
- 2005–2009 visepresident i Odelstinget.
- 1997–2001 visesekretær i Odelstinget.
Stortingskomitear [endre]
- 2005–2009 medlem av Justiskomiteen.
- 2001–2005 medlem av Sosialkomiteen.
- 1997–2001 medlem av Sosialkomiteen.